Dag: 19. oktober 2010

Aktivitetsdag 59 grader nord

JØSNESET LAURD 23.OKT kl 13.00 – 17.00 v/ Jøsneset skule. GPS-løp, puttball, hinderløype mm i regi av Gjil Aktivitetssenter.For ungdom frå 8.klasse og eldre.Matservering.Meir info på facebooksida «Ung i Hjelmeland» Arrangør: Jøsneset Ungdomslag, Jøsenfjorden Fritidsklubb, Frivilligsentralen.

Utvida jakttid for hjort

Fylkestinget har etter søknad frå Hjelmeland kommune godkjent å utvide jakttida for hjort for Randøy og Jøsneset storvald slik at desse storvalda kan jakte til 29. november. Løyvet gjeld ut 2011. For andre vald er det framleis 15. november som er siste jaktdag for hjort.

28.10.10 Foredrag om treningsmotivasjon

Damekvelden skal ta turen til Jøsenfjorden den siste torsdagen i oktober, den 28. Felles skyss – oppmøte Jøsneset skule, kl. 19.00. Påmelding: til Ingeborg, tlf 928 50 297 innan 23.okt Pris: Medlem 80,-. Ikkje medlem 130,- (inkluderer skyss, omvisning, motivasjonsforedrag og matservering) Sjå plakaten her.