Eplsesaft under produksjon

Eplehausten er for fullt over solbygda, og dei epla som ikkje går til direkte konsum blir i desse dagar til deilig,sunn eplesaft.

På kaien på Skiftun har fruktdyrkar Jostein Hjorteland etablert eplesaft-presseri, og det er nå høgsesong i produksjonslokala.

 

Friske, fine eple rett frå treet, blir spyla og tømt over i eplekverna. Der blir epla most opp i små-små bitar. Deretter blir massen teke over i ei sentrifuge som presser ut kvar minste drope av saft av epla. Denne safta blir hella over i store tankar og pasteurisert (dvs varmebehandla opp til 80 grader). Dagen etter blir safta kjørt gjennom tappemaskinen og over i flasker og plastposar for «bag in box».  Deretter går produkta til etikketering og pakking – vips ferdig til å nytes.

 

 Her er safta ferdig tappa på flasker og poser – klar til vidare etikketering og pakking.

Fekk du lyst på? Les meir om eplesafta på BuhagenKultur

Og visste du at regjeringa ønskjer å stimulere til auka eplesaftproduksjon?

Dette sa politisk rådgjevar frå Landbruksdepartementet på årets Norske Eplefest 24.09.2010:

 «Det er økende interesse blant norske forbrukere for ferskprodusert eplesaft basert på norske epler. Derfor vil vi se på muligheten for produsentretta tiltak som kan stimulere til økt produksjon av eplesaft, og håper dermed at flere dyrkere også ser mulighetene som finnes i dette markedet».

Les heile «epletalen» frå Norsk Eplefest HER.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.