20 okt Kafè og basar

Jøsneset skule og barnehage innbyr til kafè og basar på Jøsneset skule onsdag 20 oktober i tida 12.30 – 14.00.

Overskotet går til to fjernadoptivbarn i Equador.

På programmet blir det enkle opptrinn av elevane og barnehageungane.

Barnehagen har jobba med eit prosjekt frå FORUT og vil i samband med det selje nokre varer som er produsert i landi sør og vert seld til inntekt for FORUT.

Arrangøren håpar at så mange som mulig får anledning til å møte.

Gåver til basaren mottas med takk.

Alle er velkomne.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.