Månad: oktober 2010

Volleyballtrening på torsdagar

 TORSDAGSKVELDAR I GYMSALEN PÅ SKULEN kl 20.00. Ungdomsskulealder og oppover. Ta med deg naboen, kompisen, kånå, venner og kjendte – volleyball er god, gøy og sosial trening. (og ps: tenk viss det blir Skiftudalen Open- turnering til sommaren —— då må du legge deg i trening) Arr: Jøsneset Ungdomslag

24.10 Gode bidrag til TV-aksjonen

Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år. Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei. Svanhild …

24.10 Kniv mista

I gjesteboka i «Kalvagaren» v/ Fosstemmen er det ein turgåar frå Stavenger som opplyser at han har mista kniven sin på strekninga opp til Fosstemmen. Om nokon finn den, så er han veldig glad om han får den igjen. Kniven er svart, og det står «cold steel» på bladet.Han opplyser ikkje om det var på skogsvegen …

24.10 Hederspris til Jøsnesbonde :-)

«And the winner is»………nei, ikkje akkurat denne karen……men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen:  BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland. Hedersprisen «Årets bonde 2010»  blei delt ut under den store landbruksmessa Agrovisjon2010 som var i Stavanger denne helga. Prisen (som bestod av eit flott kunstverk og ein diplom ) blei delt …

Aktivitetsdag 59 grader nord

JØSNESET LAURD 23.OKT kl 13.00 – 17.00 v/ Jøsneset skule. GPS-løp, puttball, hinderløype mm i regi av Gjil Aktivitetssenter.For ungdom frå 8.klasse og eldre.Matservering.Meir info på facebooksida «Ung i Hjelmeland» Arrangør: Jøsneset Ungdomslag, Jøsenfjorden Fritidsklubb, Frivilligsentralen.

Utvida jakttid for hjort

Fylkestinget har etter søknad frå Hjelmeland kommune godkjent å utvide jakttida for hjort for Randøy og Jøsneset storvald slik at desse storvalda kan jakte til 29. november. Løyvet gjeld ut 2011. For andre vald er det framleis 15. november som er siste jaktdag for hjort.

28.10.10 Foredrag om treningsmotivasjon

Damekvelden skal ta turen til Jøsenfjorden den siste torsdagen i oktober, den 28. Felles skyss – oppmøte Jøsneset skule, kl. 19.00. Påmelding: til Ingeborg, tlf 928 50 297 innan 23.okt Pris: Medlem 80,-. Ikkje medlem 130,- (inkluderer skyss, omvisning, motivasjonsforedrag og matservering) Sjå plakaten her.

18.10.10 Livredningskurs

Familebading og helsebading startar opp att den 18.10 og treng badevakter. I det høvet arrangerast livredningskurs måndag 18.10.10 kl. 19.30 på Hjelmeland ungdomsskule. Vi oppfordrar flest mogleg til å delta på kurset. Jøsneset helselag dekker utgiftene for dei som ynskjer å stille for Jøsneset. Arr. Helselag og sanitetsforeningar i Hjelmeland i samarbeid med Hjelmeland røde …

Eplsesaft under produksjon

Eplehausten er for fullt over solbygda, og dei epla som ikkje går til direkte konsum blir i desse dagar til deilig,sunn eplesaft. På kaien på Skiftun har fruktdyrkar Jostein Hjorteland etablert eplesaft-presseri, og det er nå høgsesong i produksjonslokala.   Friske, fine eple rett frå treet, blir spyla og tømt over i eplekverna. Der blir epla most …

20 okt Kafè og basar

Jøsneset skule og barnehage innbyr til kafè og basar på Jøsneset skule onsdag 20 oktober i tida 12.30 – 14.00. Overskotet går til to fjernadoptivbarn i Equador. På programmet blir det enkle opptrinn av elevane og barnehageungane. Barnehagen har jobba med eit prosjekt frå FORUT og vil i samband med det selje nokre varer som …

Tid for Buhagen-produkt

Likar du villsau-produkt, kalvekjøt og litt epesaft attåt? Nå er alt dette under produksjon og pakking – og tida er moden for bestilling. «Buhagen» fristar med ny nettside, og har lagt ut prisliste/kontaktskjema HER.