Dag: 29. september 2010

28.09 Ny folkevekst på Jøsneset

Folkevekst er gledeleg for ei lita bygd som vår.Denne gongen er det i Nesvik det vekst.Der har folketalet nå stige med pluss 1: Solveig og Ian har fått ei fin datter!Me gratulerer familien og gledar oss over veksten.

Info om «Jøsenfast»

Informøte Torsdag 30.sept kl 19.00,  Ombo Grendehus på Eidssund.Hovudtema for møtet er kommunegrensa på Ombo. MEN: Det blir òg ny  informasjon om utsiktene for JØSENFAST ved vegplanleggar Bjørn Alsaker frå Statens Vegvesen.Ordførarane i Finnøy og Hjelmeland stiller òg.

Bli med i «KorLøye»

  «KorLøye» – det «temmeleg-useriøse-berre-for-å-ha-det-løye»-koret – har hatt ein velfortjent og lang sommarferie. Me hadde jo tross alt hatt 5 eller 6 øvingar og to tunge konsertoppføringar…..joda, gjengen trengte definitivt ein pause. Men NÅ ER PAUSEN OVER: og me vil ha med fleire….  ….så kom an folkens å bli med å syng saman med ein …

Helsebading

Helsebading startar igjen 18. oktober og kvar måndag fram til og med 29. november.  I bassenget på Hjelmeland ungdomsskule. Småbarn m/føresette kl 17.30-18.30. Helsebading kl. 18.30-19.30.

13.10.10 Oppstart av barnetrim

Helselaget minnar om at barnetrimmen startar opp att for hausten den 20. oktober.  Det er barnetrim anna kvar onsdag. I haust blir det tilbod for 1-4. klasse frå klokka 18.00-18.45. Så kan 5-7. klasse trimme seg frå klokka 18.45-19.30. Nærare informasjon om ansvarlege for trimmen vert delt ut til alle elevane, du kan og lese det …

29.09.10 Spreke pensjonistar – sjå her!

Eldretreffen startar opp att 7. oktober kl. 10.00, etter lang sommarferie, og Olga fortel at dei ynskjer seg fleire med på sine treff i Trivselståvå. Dei prøver og å få til ein tur i ny og ne, og har bl.a vore i Trodlatysdal. Så er du pensjonist på Jøsneset og vil vere med denne spreke …