Månad: september 2010

28.09 Ny folkevekst på Jøsneset

Folkevekst er gledeleg for ei lita bygd som vår.Denne gongen er det i Nesvik det vekst.Der har folketalet nå stige med pluss 1: Solveig og Ian har fått ei fin datter!Me gratulerer familien og gledar oss over veksten.

Info om «Jøsenfast»

Informøte Torsdag 30.sept kl 19.00,  Ombo Grendehus på Eidssund.Hovudtema for møtet er kommunegrensa på Ombo. MEN: Det blir òg ny  informasjon om utsiktene for JØSENFAST ved vegplanleggar Bjørn Alsaker frå Statens Vegvesen.Ordførarane i Finnøy og Hjelmeland stiller òg.

Bli med i «KorLøye»

  «KorLøye» – det «temmeleg-useriøse-berre-for-å-ha-det-løye»-koret – har hatt ein velfortjent og lang sommarferie. Me hadde jo tross alt hatt 5 eller 6 øvingar og to tunge konsertoppføringar…..joda, gjengen trengte definitivt ein pause. Men NÅ ER PAUSEN OVER: og me vil ha med fleire….  ….så kom an folkens å bli med å syng saman med ein …

Helsebading

Helsebading startar igjen 18. oktober og kvar måndag fram til og med 29. november.  I bassenget på Hjelmeland ungdomsskule. Småbarn m/føresette kl 17.30-18.30. Helsebading kl. 18.30-19.30.

13.10.10 Oppstart av barnetrim

Helselaget minnar om at barnetrimmen startar opp att for hausten den 20. oktober.  Det er barnetrim anna kvar onsdag. I haust blir det tilbod for 1-4. klasse frå klokka 18.00-18.45. Så kan 5-7. klasse trimme seg frå klokka 18.45-19.30. Nærare informasjon om ansvarlege for trimmen vert delt ut til alle elevane, du kan og lese det …

29.09.10 Spreke pensjonistar – sjå her!

Eldretreffen startar opp att 7. oktober kl. 10.00, etter lang sommarferie, og Olga fortel at dei ynskjer seg fleire med på sine treff i Trivselståvå. Dei prøver og å få til ein tur i ny og ne, og har bl.a vore i Trodlatysdal. Så er du pensjonist på Jøsneset og vil vere med denne spreke …

30.09.10 Damekveld startar opp att

Helselaget startar opp att med sine faste damekveldar, der alle damer er velkomne til å ta ein drøs og ein kaffikopp! Siste torsdag i kvar månad kl. 20.00 på Trivselståvå. Sjå lapp for førstkommande torsdag her.  

25.09 Fullt lass til Romania

Fredag kveld 24.09 kunne folk på Jøsneset levere inn klær og anna utstyr til Romania. Transportøren til innsamlinga fortel at bidraga frå Jøsneset var langt større i år enn i fjor. Den store overbygde tilhengaren blei HEILT FULL av klær, utstyr og anna.  Hengaren er nå, lørdag formiddag, kjørt inn til Sand. Der blir bidraga lasta over …

Grisaktig på Fosså.

Vekst i bygda…..det er godstoff for josneset.no. Og nå er det på Fosså det veks !!Me ønskjer ho Bengt Ove hjarteleg velkommen til bygda  Det høyres kanskje ikkje slik ut, men Bengt Ove er altså ei HO. Og her poserer ho for fotografen midt i mattrauet : øyensminken er på plass   og….jo, me skimtar eit lurt glimt i øyenkroken….så grisaktig …

Info om HUMORGALLAEN

Det er 13 påmeldte til Humorgallaen.Det var opprinneleg ca 20, men pga at mange ikkje trengte båtskyss heim, blei det for dyrt å setje opp båtskyss for dei gjenværande.Dermed var det nokre som meldte seg av igjen. Men Anne og Maria i Ungdomslaget ordne nå konserthusbilettar og reserverer bord på restaurant til dei 13 som er påmeldt.Dei …

Hjortajakta er i gong, men……

……………..kanskje du skò unna deg ein liden «time-out» i jaktingå i år:   Ta turen til HJORTAFESTIVALEN I VINDAFJORD…..dei slår til med eit langt og variert program med alt frå hjorte-vin-kurs til kåring av brunstbrølemesterGarantert noko for Jøsnesbuar  !

Værstasjon i fare for å bli nedlagd

 På oppdrettsanlegget på Fosså er det utplassert ein værstasjon – og på den måten har me kunne få heilt oppdaterte, og svært lokale værobservasjonar for bygda vår. Flott, ikkje sant!!  På vår nettside er det lagt ut link til www.vindkast.no, slik at det skal vere enkelt for dykk jøsnes-side-brukarar å få opp værstasjonen. Pga omlegging av …

«Jøsneset Sykkelklubb» trør til !

Har ikkje du heller hørt om «Jøsneset sykkelklubb» nei ?? Vel det er ein relativt ukjent, nyoppstarta og eksklusiv liten «klubb»….men kan sjå ut som den er i god vekst. Sist helg var det kun eitt medlem. Denne helga var medlemstalet dobla, og begge trør til. Sist helg var det Marine Harvest Rittet 41 km  Hjelmeland-Tøtlandsvik t/r. …

Folkevekst i Knutsvik og Åsland

I løpet av sommaren er det blitt busetjing i tre hus i Knutsvik;  ein vekst på tilsaman 7 personar. Deriblandt er Knut Foss m/ familien som flytta frå USA til heimgarden i Knutsvik. Dei har me seg to gutar: ein i 7.klasse på Jøsneset og ein i 8.klasse på Ungdomsskulen 🙂 Siste bidrag på vekstraten i bygda …

Innsamling til Romania

I år som i fjor kjem det ein lastebil som tek i mot klær og utstyr til Romania. 24. september kl 17.00 – 18.00 v/ Jøsneset BrannstasjonDet er Inger Apeland i Suldal som er primus motor for dette flotte prosjektet og ho skriv…….. Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, …

BLI MED PÅ HUMORGALLA I BY`N

Framleis ledige bilettar: me forlenge påmeldingsfrist ut søndagen 19septLØRDAG  04.12. kl 19.00 STAVANGER KONSERTHUS – AVREISE NESVIK HURTIGBÅT kl 15.45 (god grupperabatt-pris)– KONSERTHUSFORESTILLINGA kl 19.00 kr 395,-– MAT/DRIKKE PÅ ITALIENSK RESTAURANT AL FORNO– RETUR HEIM MED HELGØYEN  CA KL 01.00 REISA T/R: MAX 300 kr pr stk  (avhengig av kor mange reisande me blir)Pr lørd …

Lyst å bli med i LESESIRKEL ?

Hjelmeland bibliotek vil dra i gong ein eller fleire lesesirklar i kommunen. Møt opp torsdag 9.9 kl 18.30 i biblioteket om du er interessert. Kanskje me kan få til ein sirkel her på Jøsneset ?  Meir info sjå nettsida: Hjelmeland bibliotek

Handballtrening for barn/unge

Til alle som har barn frå 1. til 10.klasse: Hjelmeland Idrettslag orienterer om oppstart handballtrening, og ønskjer nye spelarar velkomne.  Treningstider håndball 2010-11, Hjelmeland Idrettshall.  1 kl jenter/gutter onsdag 17.30-18.30 oppstart 8 sept 2-3 kl jenter/gutter torsdag 18-19 oppstart 9 sept 4-5 kl jenter/gutter tirsdag 17-18 oppstart 7 sept 6-7 kl jenter tirsdag og torsdag …