Klar for kulturhausten??

Rundt om i Ryfylke finn du mange gode kulturtilbod nå utover hausten. Sjekk Kulturhaust Ryfylke sitt program for alle kommunane i Ryfylke.

I Hjelmeland brakar det laust allereie til helga. Då blir det Frukt-og laksefest.

«Frukt og laks» startar fredagkveld med kyrkjekonsert med Sigvart Dagsland og Karoline Krûger.

Laurdag kveld blir det dans med Tre Busserulls – Då møter de òg tre lokale «oppvarmingsmusikarar» i kvar sitt «musikktelt» før dansen. For oss Jøsnesbuar vil det bli eit kjendt og kjært treff med Josè Altamirano, så still opp i Vågen laurd kveld (gratis båt heim).
Men stikk òg innom telta til gitarist Ståle Strømsvold frå Årdal og  piano-entertainer Istvan Horvath frå Hjelmeland.

Heile programmet til FRUKT OG LAKS finn du HER.

Og neste helg blir det Herborg Kråkevik på Samfunnshuset, så følg med folkens 🙂


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.