Tunnelarbeidet på RV 13 i Erfjord (like utanfor Hålandsosen) pågår for fullt. Dette skaper tidvis stengt veg. Suldal kommune informerer på si heimeside, sjå HER. At Statens Vegvesen ikkje har informasjon om dette på si Trafikkinformasjonsside, er jo litt snodig, men kanskje det kjem ?
Både Strandbuen og Suldalsposten har siste veka hatt artiklar om lokale bygdesider på nett – og Jøsnes-siå har vore tatt fram som døme i begge avisene. Til Strandbuen fortel bygdeutviklar Kari Sand og Ryfylke IKS at lokale nettsider er ein fin måte å drive merkevarebygging på – og slike sider er med på å styrkje bygdeidentiteten. …