Månad: august 2010

Klar for kulturhausten??

Rundt om i Ryfylke finn du mange gode kulturtilbod nå utover hausten. Sjekk Kulturhaust Ryfylke sitt program for alle kommunane i Ryfylke. I Hjelmeland brakar det laust allereie til helga. Då blir det Frukt-og laksefest. «Frukt og laks» startar fredagkveld med kyrkjekonsert med Sigvart Dagsland og Karoline Krûger. Laurdag kveld blir det dans med Tre …

31.08.10 Minnar om toppturkonkurranse

Jøsneset helselag minnar om årets toppturkonkurranse, hausten kan vere ei flott tid for fjelltur! De som allereie har vore med på Hardhausen får sjølvsagt godkjent dei toppane du var på då, i denne konkurransen og! Her er reglane: TOPPTURKONKURRANSE 2010 Det blir toppturkonkurranse også i 2010! Dette til tross for at berre 7 turbøker vart …

Info om strenging av RV13 ERFJORD

Tunnelarbeidet på RV 13 i Erfjord (like utanfor Hålandsosen) pågår for fullt. Dette skaper tidvis stengt veg. Suldal kommune informerer på si heimeside, sjå HER. At Statens Vegvesen ikkje har informasjon om dette på si Trafikkinformasjonsside, er jo litt snodig, men kanskje det kjem ?

Om josneset.no i lokalavisene

Både Strandbuen og Suldalsposten har siste veka hatt artiklar om lokale bygdesider på nett – og Jøsnes-siå har vore tatt fram som døme i begge avisene. Til Strandbuen fortel bygdeutviklar Kari Sand og Ryfylke IKS at lokale nettsider er ein fin måte å drive merkevarebygging på – og slike sider er med på å styrkje bygdeidentiteten. …

Send inn SOMMARBILDENE NÅ

  Flott at fire stykk har sendt inn gode stemningsbilder! Men me mottar gjerne fleire ! Sjølv om sola skein og varma litt mindre i år enn det som var draumen vår, så har det likevel vore mange sommarstemingar……og garantert har dykk folket der ute knipsa MANGE bilder ila dei 2-3 siste månadane.  DEL DEI MED …

«Sure bær» til topps i Sandnes òg !!

Lise Tjeltveit sitt herlige øyeblikks-bilde gjekk til topps i vår lokale fotokonkurrase i fjor…….og jammen gjekk det til topps igjen!!! I Sandnesavisen sin fotokonkurranse, sjå HER. Årets seier brakte inn ein gjev premie: eit speilreflekskamera til 6000!! Bravo og GRATLA til Lise !! ……ja, det var jo berre eit nydleg blinkskudd:-) så dette var fortjent …

Bryggedans i Vågen med gratis båtskyss

    Laurdag 3.sept arrangerer FRUKT-OG LAKSEFESTEN bryggedans i Hjelmelandsvågen. «Vår eigen» Josè spelar i eitt av tre musikktelt først på kvelden, og til slutt spelar TRE BUSSERULLS til dans.Og me har fått følgjande glad-melding frå festivalleiar Kolbjørn Pedersen: «Da har jeg den glede å meddele at det er satt opp båt for 40 pers med avgang Vågen …

Superlørdag i Skiftustranda :-)

Lørdag 14 august blei ein superdag i Skiftustranda : Ungdomslaget sin aktivitetsdag blei avvikla i sommarens beste sommarvær og masse kjekke aktivitetar, mat, prat, bading og kos!  Det heile starta me 5-KAMP: Første øving var SMIDIGHEITSLØYPE…..litt inspirert av «mesterns mester» var det om å gjere å kome seg gjennom løypa på raskast tid og med …

«MIN JØSNESSOMMAR 2010»

VINNAR AV FOTOKONKURRANSEN «MIN JØSNESSOMMAR 2010»: Sigurd Opedal med bildet av Rick Andrè i fritt svev ut frå stupebrettet i Knutsvik. Blå himmel og blått hav var ikkje det me såg mest av i sommar. Men dette bildet fanga opp sommardrømmen på ein flott og aktiv måte, og var det bildet som fekk flest stemmer av …

Helsing frå ein glad ferjebilletør !

For eit par veker stod det ein orntlig lita gladmelding på trykk i Rogaland Avis. Sjå berre HER. Dei godt vaksne «jentene» i den faste pendlargjengen tok dette umiddelbart til seg….»selvfølgelig er det oss han meiner» …..eller?? «The Billetør» er stadig tema rundt pendlarbordet. Hans identitet er enda ikkje avslørt, men ved hjelp av elimineringsmetoden …

Hittegods etter volleyballturneringa

Me har fått melding om at det låg att ein del fine ting etter volleyballturneringa. Kanskje noko DU saknar?? Dette låg igjen: -To par solbriller-Adidas slippers (dame)-Brun fleece (Stormberg)-1 stk. Asics joggesko (dame) Ta kontakt med Ola Skiftun ev ein epost til ungdomslaget@josneset.no, så får du det att