www.josneset.no : sida der ingenting er for smått.
Her er det difor enkelt å vere tipsar !!
Redaksjonen i www.josneset.no er ør-liten, og jobbar på frivillig basis. Det er ikkje lett å «kome på ting» å skrive om, og vanskeleg å vite kva de som brukarar av sida er interessert i. Kanskje det er for lite «saue-stoff» ??? (kompenserast med «sau i solnedgang» ovanfor).
Kva saknar de? Kvar ønskjer de meir eller mindre av på sida? Me er avhenginge av tips frå dykk nettside-brukarar for å få til ei god og variert side.
Småting som skjer i kvardag eller ferieliv her på Jøsneset er me interessert i. Kanskje du har fått ein stor fisk? Har du eit smart turtips? Kanskje du har mista noko? Lyst å selje noko? Treng du arbeidshjelp? Opplevd noko mystisk? Eller rart?? Eller skjer det ingenting ?? Eller har du LYST at noko skal skje?? Kanskje det kunne vært noko??
Send oss stoff på ungdomslaget@josneset.no, bygdaradet@josneset.no eller helselaget@josneset.no, eller ta ein prat på 97 00 76 36.
«SOMMARJOBB» I JOSNESET.NO ??
Kanskje du liker å skrive og ta bilder sjølv? Kanskje du har lyst å hjelpe oss i redaksjonen med stoff?? Lønna får du utbetalt i form av godord 🙂 Ta kontakt på ungdomslaget@josnset.no, så skal du få opplæring 🙂
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.