Sommarfoto-konkurranse

Nok ein gong trør me til med «Min Jøsnes-sommar 2010»-fotokonkurranse:

 

 

 Ei veke etterat konkurransen starta, har me enda ikkje mottatt eitt einaste bilde……sjøv om ca 200 stk har lest artikkelen. Kom an folkens !!!

Her er vinnarbildet «sure bær» frå i fjor: herligt, friskt, frodig, spontant og stemningsfullt……fargar og lys: alt vitnar om ekte sommarstemning. Til saman fekk me i fjor mange flotte sommarlege bilder frå alle kantar av bygda.

Nå vil me ha ditt sommarbilde frå Jøsneset 2010 :

anten frå båten,  terassen, på hytta, på jobb, i heia, i hengekøya, på ferja….kor som helst. Det kan vere av natur, blomster, vær, dyr, fenomener, aktiviteter, mat….kva som helst. Det kan vere stemningsfullt eller komisk, rart eller nusselig…..det er opp til deg 🙂

Bli med å gjere nettsida vår mangfoldig og koseleg med bilder frå Jøsneset sommaren 2010.
Send inn til ungdomslaget@josneset.no heile sommaren fram til 1.sept.

Jøsneset Ungdomslag kårar då ein vinnar – som får ein fotorelatert premie !!

Har du ikkje fotoapparat, men liker godt å teikne/male: send oss gjerne bildet ditt, så legg me det ut.
Gi ev beskjed på 97 00 76 36, så avtaler me henting av bildet for scanning.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.