Skuleelevane har ei travel siste-veke før skuleslutt:
Mandag skal småskuleelevane ha utedag med Natursti.
Tysdag skal småskuleelevane til Saltkjervika i Knutsvik
I tillegg blir det mykje øving mand-tysdag for alle elevane; til avslutningskvelden på onsdag:
Onsdag er det skuleavslutning med opprinn/innslag frå scenen saman med kulturskulen.
Torsdag reiser storskulen til Viten-senteret i Sandnes for å lære om energi, medan småskulen er heime å ryddar på skulen
Fredag er siste skuledag, og tradisjon tru: den tilbringer de i Skiftustranda !!
Og såååå er det sommarferie !!!
Og forresten:
Elevane har jammen ein variert og innhaldsrik vår bak seg:
I tillegg til vanleg skuleundervisning har de òg hatt; middagskoking for eldretreffen, Jøsnespost-produksjon, overnattingstur til Skiftustølen, krabbefangsttur i stranda og spikketur i skogen, «stjernetur» Scient sircus, besøk på Mikals Laks, bekketur, songtur til omsorgsentra, rar fisk på fiskemottaket, symfonikonsert i konserthuset, oljemuseumsbesøk….og sikkert meir òg som me ikkje kjem på…du kan lese om dette på skulen si side
……….. Jøsneset skule er jammen flinke å bevise at det IKKJE er kjedeleg på små skular !!!!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.