Månad: juni 2010

Midtsommarnatt på Gunlanuten

Laurdagsnatta var det fullmåne, midtsommar, skyfri himmel og utan eit vindpust. ……..ei natt som skapt for vandring; her nesten ved Gunlaknaggen mot natthimmel i nord ca ved midnatt. Den runde fullmånen dukkar opp i søraust, over Gunlatjødnå ca kl 00.15 Soloppgang frå Gunlanuten 04.26 Morgengry blåne bak blåne mot Suldal, ca kl 06.00.                                    Alle foto: Svanhild …

Volleyballturnering Skiftudalen Open

  Det er ikkje berre i Stavanger det skjer: Bli med på VOLLEYBALLTURNERINGA SKIFTUNDALEN OPEN lordag 17.JULI.Les plakaten HER.

Flott Jonsok-kveld

Om det er regn eller blest, sol eller varme…..tradisjonen med å feire Jonsok-afta blir halden fint i hevd på Jøsneset. I år hadde me ein fantastisk sommarkveld Grillane var glovarme og folk strøymde til med campingstolar, grillmat og krabbebøtter. Barna hadde krabbefangstkonkurranse – stor iver for å finne største og minste krabbe. Tradisjonen tro blei det …

23.06 Makrelltid

Det er mulig det nærmar seg agurktid i avisene……men på Jøsneset er definitivt MAKRELLTID !! Denne veka er det trivsleg med full aktivitet på Skiftun Fiskemottak: det er midt i makrellsesongen. Hittil denne veka er det tatt imot 35 tonn makrell frå 8 fiskerar. Det er kanskje det meste nokon gong på så få dagar !! Det er periodevis 10-15 mann …

Gøy idrettsskule

  Denne veka deltar fleire Jøsnesbarn på idrettskule – og har det veldig gøy.…..her på vannsklia !! Dette er ei veke med ulike aktivitetar dag for dag: høyr berre: padling, vannleik, fotball, Michael Jackson-dans, svømming, stjerneorientering (!), handball, sykling, førstehjelp, friluftsliv, o.a. Det er Jøsnes-studenten Anne Hjorteland og fisterbuen Marianne Krumsvik som har planlagd og organisert …

23.06.10 Rapport frå Jøsnes-delegaten

 Berit Torgersen Skiftun. Foto: Sven Westersjø     Eg inntok talerstolen på Landsmøtet i Oslo som nr. to i saken om Handlingsprogrammet, i ei knallrød t-skjorte med et flott bilde av et ungt og flott styret.  Holdt et godt forberedt innlegg for vel 300 lydhørte landsmøte delegater.  Innlegget skapte engasjement og mye positiv tilbakemelding fra …

Fotballspelarar trengs !!

Helga 2-3-4 juli blir det HJELMELANDSMESTERSKAP I FOTBALL !!Det jobbast for å få til eit Jøsneslag/Jøsenfjordlag !! Er du klar for høge, skrudde taklingar og lange løpeballar……. …..då er dette noko for deg !!!Ta kontakt med Jone 93 63 20 32 viss du vil bli med !! «Hyttefolk» er òg svært velkomne på laget så sant …

Bli med på Jonsok-feiring

Onsdag 23. juni blir det tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftu-stranda klokka 18.00 Det blir bål for store og små, felles grill og leiker. Ta med bøtte til krabbefangstkonkurransen! Alle tek med grillmat, drikke og stolar. Velkommen!  

16.06 Flott kulturkveld på skulen

Kulturskulen og Jøsneset Skule inviterte bygda på avslutningskveld på skulen onsdag kveld.Og elevane stilte med eit tettpakka og over ein times langt program…… Godt hjulpe av kyndige lærarar var det jammen litt av eit program elevane drog oss med gjennom. Her var det song, blokkfløytespel, diktopplesing, sketsjar, fløytespel, gitarspel, sjølvlaga filmar, fotopresentasjon, pianospel, dramatisering…..og alle som …

16.06.10 Jøsnes-delegat til landsmøte

Denne veka reiser Berit Torgersen Skiftun til Oslo, som Jøsneset Helselags delegat på Landsmøtet i Nasjonalforeningen for folkehelse.                                                        Berit er kampvillig og har førebudd eit innlegg på Landsmøtet. Dette er på bakgrunn av at handlingsprogrammet for dei neste fire åra skal vedtas på Landsmøtet. Dette har Jøsneset helselag tidlegare sent høyringsuttale til. Vi …

Travel veke før skuleslutt

Skuleelevane har ei travel siste-veke før skuleslutt: Mandag skal småskuleelevane ha utedag med Natursti.Tysdag skal småskuleelevane til Saltkjervika i KnutsvikI tillegg blir det mykje øving mand-tysdag for alle elevane; til avslutningskvelden på onsdag:Onsdag er det skuleavslutning med opprinn/innslag frå scenen saman med kulturskulen.Torsdag reiser storskulen til Viten-senteret i Sandnes for å lære om energi, medan …

16.juni Invitasjon til sommaravslutning

Jøsneset Skule og Kulturskulen innbyr til sommaravslutning på Jøsneset skule onsdag 16.06. kl 18.00. PROGRAM:Innslag frå elevar i kulturskulenInnslag frå skuleelevarBevertning ALLE er velkomne !!! Jøsneset Skule/Hjelmeland Kulturskule.

Skulebarna song på omsorgsentra

Alle elevane på Jøsneset skule var sist veke på besøk både på Årdal Omsorgsenter og på Hjelmeland Omsorgsenter for å synge, spele og lese dikt til dei eldre!! Dette blei eit kjekt og vellykka møte på tvers av generasjonar. Mange barn kjenner gjerne ikkje til korleis dei eldre har det på eit omsorgsenter, og mange av dei …