Det minkar på veden i gapahuken «KALVAGAREN» v/ Fosstemmen. Kanskje du har ein vedsekk og to som du vil bidra med ??
Vedsekken kan du legge frå deg på muren nedanfor ny-huset til Sven Westersjø (rett i vegkanten). Sven skal opp med traktorhengar på søndag, så då tar han ditt bidrag med seg opp. Sekken må altså leverast før lørdag kveld.
Elles melde me tidlegare om at den eine sinkbøtta var forsvunnen. Den er funnen att i vannkanten; så den har nok låge dekka av is ila den lange kalde vinteren. Det var hol i bøtta; så har du lyst å bidra med ein ny bøtte, så kan jo det òg kome vel med.
Elles ligg KALVARGAREN klar og ventar på deg!!
Så ta turen til Fosstemmen!! Ein tips: gå på søndag, då er det HARDHAUSEN, så då får du kanskje godt lag. Fyr i grillen skal det iallefall bli !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.