09.04 TAKK !

 Jøsneset Ungdomslag vil med dette takke for pengegåver som me har mottatt  – sjølv nå eit år etter  «kronerullinga» for sceneutstyr, har me mottatt pengegåve. Dette syns me er imponerande !! Og det stimulerar til vidare frivillig arbeid for trivsel i bygda.

Me skal sørge for at det ikkje «gror spindelvev» på bidraga ; me syns det er kjekkt å skape noko, så me er innstilt på å bidra til fleire fellestiltak og arrangementer i framtida.

Takk òg til alle som stilde «mannsterkt» opp på påskefest/revy. Òg det ga eit fint overskot, som igjen vil kome bygda til gode ein dagKiss.

Elles mottok kr 5000 i kulturtilskot frå kommunen nå i mars – så takk òg der.

Totalt sett betyr dette at me «er på veg opp att» økonomisk, etter dei store utgiftene ila siste året.

….og ps:
me syns det er knallkjekkt viss du blir medlem: kun kr 100 pr år.
Kontonr  3353 22 24646, hugs å oppgi namnet ditt.

Styret i Ungdomslaget er nå som følgjer:

– Anne Hjorteland, leiar
– Ola Skiftun, nestleiar,
– Sven Westersjø, kasserar
– Svanhild H Gbada, sekretær
– Maria Brandal, styremedlem.

Ta gjerne kontakt på ungdomslaget@josneset.no om du har tips/idèar til arrangmenter el.a.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.