NB 24.03 AVLYST Skikarusell

Suldal Idrettslag/Erfjord Idrettlag melder at siste skikarusellrenn 24.03 ER AVLYST.
Sitat frå Suldal Idrettslag si nettside: «

 

Erfjord IL har avlyst 4. lysløypekarusellen.  Grunnen er sjølvsagt dei dårlege snøforholda i lysløypa. I tillegg til mange berrflekkar og våt snø er det no vassdammar på stadionområdet.

I løypene i Breiastølsdalen kan ein fortsatt gå på ski men løypene er ikkje kjørt og snøen er våt. Trør ein utanfor gamle løyper dett ein rett gjennom.»

Om det i det heile tatt blir eit siste renn, og korleis de skal gjere med premieutdelingar står det ingenting om.

Det betyr du kanskje får ledig tid onsdag kveld??
Då kan du ta turen til Hjelmeland Samfunnshus i staden; der er det foredrag i regi av m.a. Jøsneset Helselag. Sjå kalenderen og «annonse» her på nettsida.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.