18.03 Middag og underhaldning for Eldretreffen


Skuleelevane svinga opp med både middag og underhaldning for Eldretreffen på torsdag.
Ein svært hyggeleg tradisjon og eit vellykka arrangement.

Då pensjonistane møtte opp til sitt jamnlege treff i Trivselstova på torsdag, stod borda ferdig dekka og serviettane fint dandert på plass. Dei 8 storskulelevane svinga seg på kjøkken saman med Rasin og TorOlav: 60 poteter og masse gulerøtter blei fint skrelde og ertestuing og kjøttkaker gjort klar.

Serveringa var det elevane som stod for, og MMMM «dette var mat for Mons». Kjøttkakene falt i smak blandt dei eldre, og godpraten og rosen gjekk laust. Etter middag stetta dei same elevane opp med kaffe og nyyydleg Dajm-kake.

Men ikkje nok med fysisk føde: elevane i 3 og 4 klasse varta opp med kulturell «åndeleg føde» : song, gitarspel og blokkfløytespel.  Koseleg!

Ein lærerik og «matnyttig» dag for elevane
kombinert med sosial hygge for dei eldre = ein fulltreffar!!

På Jøsneset er me heldige som har lokala «vegg i vegg», slik at det er praktisk mogleg å få til slike fine møtestader på tvers av generasjonar.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.