Dag: 2. mars 2010

02.03 «Kor-løye»

Det ny-oppstarta Jøsenfjord- og Jøsneskoret har i kveld hatt si tredje øving. Songen ljoma så taket nesten letta. Men kva skal «barnet» heite?Etter lange høyringsrundar, mange namneforslag og grundige drøftingar, falt endeleg den store avgjerda i kveld:  «KOR-LØYE». I namnet finn ein sjølve grunnpilaren, ideologien og filosofien (he he) bak prosjeket: nemlig: å ha det løye!! …

02.03 Hjelmelandsnytt.no

I kjølvatnet av den nedlagde Bygdaposten såg ei ny nettside dagens lys på Hjelmeland: www.hjelmelandsnytt.no. Tanken var eigentleg å leggje ut lokalt smånytt og aktualitetar frå Hjelmelandssamfunnet. Nå førebels fungerar sida som ein aktivitetskalender : her finn du ein temmeleg god oversikt over arrangementer og «happenings» i Hjelmeland i den næraste framtid. Og det kan du …