Månad: februar 2010

02.03 NB Skikarusell Tirsdag 02.03

NB: Skikarusell-rennet er denne veka flytta fram til TIRSDAG 02.03 !! ….det blir altså ikkje på onsdag slik planlagd.

11.03 Kulturkveld på Samfunnshuset

Torsdag 11.mars: stor KULTURMØNSTRING på Hjelmeland Samfunnshus.Frå Jøsneset stiller Jone Hjorteland, Thomas Tjeltveit og Malena Altamirano Gutane er ivrige både på gitaren og som vokalistar. Tipper me rett, så drar de vel til med ei skikkeleg hard-rock-låt!! Malena spelar fløyte i trioen «The Magic Flutes». Dei skulle egentleg stille på UKM, men klaffa ikkje pga sjukdom. …

24.02 Ønsk deg ein song !!

Det nærmar seg påske folkens – og i år blir det igjen REVY og FEST på Påskeafta!!  Den amerikanske musikaren Gil Silverbird er alt klar for danseglade Jøsnes-kalvar. Han melder at han gledar seg til besøket, og har lyst å gi folk den type musikk me sjølv ønskjer. Han vil òg dra i gong god allsong, …

19.02 Historisk dårleg frammøte på JULårsmøte

Fredag 19.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte – umiddelbart etter Ryfylke Visegruppe-konserten. Me prøver å ha årsmøtet i samband med helger for å gjere det mulig for vekependlane ungdom å møte. Vidare prøver me å kombinere det med eit anna arrangement, for å gi folk to grunnar til å forlate heimen ei lita kveldstund. Denne strategien …

23.02 «Jøsneske attraksjonar»

Det er vinterferie og feriefolket strøymer på. Fantastisk vinterferievær. Kva finn du på ??? Send oss dine bilder av dei «JØSNESKE ATTRAKSJONAR«. Som dette nedanfor f.eks: HJORTESAFARI PÅ SILOLASSET I MOLDSKOFLÅ- ka slår vel den ???Inge Torkel er stødig sjåfør opp den megabratte skogsvegen. Hjortane er glad i Inge med traktoren, for det er lik …

22.02 Hjortar på Skiftuheia

Foringsplassen på Skiftuheia har dagleg besøk av vintersvoltne hjortar. Flokkar på 8-12 dyr blir observert. Men de er veldig vare, så trø stilt og hald deg roleg om du vil sjå dei. Her har Ola Skiftun snike seg innpå hjortane og knipsa fleire gode bilder av flokken. Alle foto: Ola Skiftun Flotte dyr, ikkje sant !!!

21.02 Har du sett Bobby Bøen?

Denne flotte karen er Bobby Bøen – og han har vore sakna frå heimen sin på Bøen sidan 15.02. Mat-morene Ida og Elise saknar han fælt, og er ute på leit etter han. Har du sett an?   Bobby er nok ute på jakt etter «damelag». Han er alt kjendt som ein frisk turgåar – så han …

19.02 Nydelege tonar frå Ryfylke Visegruppe

  Konserten på Jøsneset fredag kveld var historisk: gruppa er gjenforent etter 20 års «pause» og lagar nå ny CD. Publikummet i salen var dei første til å høyre dei nyskrevne låtane. Dei seks karane leverte musikk på høgt nivå med vakre melodiar i flott samspel. Salen var ikke meir enn halvfull; noko som kanskje skuldast vinterferie, ferjekøar, …

Wannabes vidare i UKM

Jøsnesgutane Thomas Tjeltveit og Trond Brandal er gitaristar i bandet Wannabes, og i UKM-mønstringa på Sand sønd 14.02 gjorde dei det så bra at dei gjekk de vidare til Fylkesmønstringa. Bandet består av heile 7 Hjelmelandsungdommar – alle i ungdomsskulealder – så her var det viktig med samkjøring. Rockebandet slo til med ein flott versjon av «Boulevard of …

5 og 6 mars Swing- og linedancekurs

Swingkurs og Linedancekurs Fister skule 5. og 6. mars. Linedancekurs: Fredag 5. Mars kl 18.00 – 19.00Laurdag 6. Mars kl 10.00- 11.00 Swingkurs: Fredag 5. Mars kl 19.30 – 21.30Laurdag 6. Mars kl 11.30-13.30 Mellom linedance og swingkurs er det 30 min pause. Det er fullt mogleg å delta på begge kursa. Swingkurset passar både …

Korøvingar

Det blir korøving i KORLØYE annakvar tirsdag, annakvar gong Jøsenfjorden og Jøsneset kl 20.00 16.02 Jøsenfjorden skule02.03 Jøsneset skule 16.03 Jøsenfjorden skule30.03 Jøsneset skule osv….. Har du ikkje kome deg avgårde enda?HIV DEG PÅ !!      

15.02 Framleis glitrande vinter

Den uvanleg vakre vinteren 2010 vil visst ingen ende ta. Dag etter dag med minusgrader, sol, stille og glitrande snø.    

15.02 Framleis glitrande vinter

Den uvanleg vakre vinteren 2010 vil visst ingen ende ta. Dag etter dag med minusgrader, sol, stille og glitrande snø. Det er supert skiføre; både på ekrene nede i bygda og innover i heia. Opp skogsvegen frå Foss er det godt å gå; spesielt i høgda inn til Fosstemmen; sjå foto nedanfor. Vidare innover frå Fosstemmen til …

13.02 Aktiv bruk av nettsida

Statistikken viser at josneset.no i 2009 hadde 9 477 besøk, med høgste treffprosent i august månad, med nesten 1200 besøk (med 5400 treff). Statistikken viser òg at me på det jamne har ca 30 som dagleg er innom sida. Litt morsomt er det jo å sjå at me òg har «besøk» både frå «det store utland»; …

14.02 UKM på Sand

Òg i år er det deltakarar frå Jøsneset: Trond Brandal og Thomas Tjeltveit spelar begge gitar i eit band, og Malena Altamirano er med i fløytegruppa «The Magic Flutes». Dette blir sikkert flott. Møt opp og hei de fram !!    Mønstringa startar søndag 14.02  kl 16:00 i Suldal kulturhus. Det er til saman 10 …

12.02 Vegnamn er nå vedtekne

Kommunestyret har nå vedteke vegnamn for heile kommunen, og desse vil nå bli brukt som adressenamn. FOR JØSNESET BLEI FØLGJANDE NAMN VEDTEKNE: Jøsnesvegen (Frå Nesvik til Knutsvik) Foss (Frå Jøsnesvegen til Foss) Fosså (Frå Jøsnesvegen til Fosså) Skiftun (Frå Jøsnesvegen til Skiftun) Åslandsvegen (Frå Jøsnesvegen til Åsland Knutsvik (Frå Jøsnesvegen til Knutsvik) RV13 fekk namnet …

12.02 Hjort på vinterbeite

Det er ikkje berre småfuglane som slit litt i den kalde vinteren med det uvanleg lange snødekket. Òg hjortane må jobba litt ekstra for den naturlege føda i vinterkulda. Hjortane begynte difor å trekke ned i bygda, og forsynte seg av siloballane. Men nå har bøndene snudd på flisa! Både for å hjelpe hjortane over vinteren og for å …

19.02 Åmsøte i Ungdomslaget

Fredag kveld 19.02 blir det ÅRSMØTE I JØSNESET UNGDOMSLAG i Trivselstova. Det er sendt ut INNKALLING i alle postkassar i bygda. Årsmøtet startar like etter RYFYLKE VISEGRUPPE-KONSERTEN (som startar kl 19, ferdig ?). Det er òg sendt ut ein kortvariant av årsmeldinga.Den ordinære årsmeldinga finn du HER. På årsmøtet blir det sjølvsagt ein kaffekopp og …

15.02.10 Årsmøte i viltlaget

Måndag 15.02.10 kl. 19.30 er det årsmøte i viltlaget. Sjå innkalling her. Merk at årsmøte blir halde på skulen i staden for i trivselståvå slik det sto i innkalling som er sendt ut.

08.02 Uttale om ferjeruter

Bygdarådet har laga ein uttale til forslaget til ny ruteplan i Hjelmeland-Ombo-Nesvik- sambandet.  Bygdarådet sin uttale finn du HER