06.01 Skeisebane i ballbingen

images/ung/binge1.jpg

I dag/kveld var det full dugnadsaktivitet i ballbingen igjen . Forholda ligg ypperleg til rette for å få til skeiseis i bingen – med minus 10-15 kuldegrader i lengre periode.  Einaste ulempa var all snøen som måtte vekk!! Snøfresar viste seg ikkje å vere særleg effektiv til slikt areal. Men den vesle blå traktoren til Joachim smøyg seg fint inn i bingen, og var svært effektiv som snøskuffe.

images/ung/binge2.jpg

Utpå kvelden var bingen såpass snøfri at vatnet blei sprøyta på. Brannmannskapet fekk øve seg på utstyrs-bruk i sprengkulde (som i seg sjølv er viktig å øve på), og dei stilde både med traktor, vannvogn, pumpe, slangar og ikkje minst god bemanning ! 

Koss enden på visa blei, dvs kor god isen blei, var ikkje klart i skrivande stund……..men følg med på nettsida her, så tipper me at det snart dukkar opp bilder av skeisande barn og elegante kunstløpdamerKiss


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.