Som kjendt: Bygdaposten er nå eit avslutta kapittel. Bygdaposten si nettside er tatt bort, og du har lest ditt siste nummer av den.
Nå er det STRANDBUEN som blir vår nye lokalavis, og den skal altså dekke både Hjelmeland, Strand og Forsand. Første nummer kjem ut i dag 06.jan 2010. Me vil nå få lokalavisa to gonger pr veke i staden for berre ein. Det blir elles spennande å sjå kva vinkling og "tyngde" lokalstoffet frå Hjelmeland vil få. Vil me forsvinne mellom Jørpelands- og Forsandsstoff??
Journalistane i Bygdaposten har "fulgt med på lasset" og har difor framleis ansvaret for å få lokalstoffet vårt ut og fram.
Følg med både i papirutgåva og på nettsida til Strandbuen.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.