Møt Baron Lasaron i artig førestilling av Skromlehjulet Figurteater…..
men først blir det kafè
Kulturhaust Ryfylke og Hjelmeland kommune v/ Kulturkontoret set laurd 14.11 kl 15.15 opp den spanande førestillinga:
BARON LASARON av Skromlehjulet Figurteater.
Dette er eit proft figurteater frå Stavanger, og denne dagen viser de forestillinga om Baron Lasaron som vil ut i verda å leve ut sin draum. Dette er ei annaleis og artig førestilling som passar for heile familien – kanskje først og fremst barn !
Les meir om førestillinga på den nye scenen i gymsalen på Jøsneset her.
Les meir om Skromlehjulet Figurteater og Baron Lasaron her.
Men før showet startar blir det:
OPEN KAFÈ I TRIVSELSTOVA FRÅ 13.00 – 15.00.
Då kan du droppe grautkokinga på heimebane: me i Ungdomslaget kokar den for deg !!
Sal av graut, kaker, kaffe/te/brus.
Kos deg med avisa eller et brettspel, og la ungane boltre seg i ballbingen 🙂
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.