Jøsneset skule og barnehage har tradisjon på å markere FN-dagen.
Òg i år inviterer dei til KAFÈ OG BASAR på Jøsneset skule, gymsalen.
Dette skjer som vanleg på DAGTID i skuletida Fredag 23. oktober, Kl 12.30 – ca 14.00.
På programmet står det
– sceneopptrinn av elevane og barnehagebarna!!
– basar til inntekt for to fjernadoptivborn i Equador
– barnehagen sel varer som er produsert i land i sør – inntekta går til FORUT-prosjekt
– kafè m/ kaker, saft, kaffe
Rektor håpar mange nyttar høvet til å møte denne dagen, og støtte deira prosjekter.
Dei tar òg i mot gåver til basaren med TAKK !
Alle er velkomne !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.