Dag: 18. oktober 2009

18.10 Utvida hjortejakt på Jøsneset

Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar – og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009. Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om …

Jøsneset i 1 pluss !

I midten av september fekk Jøsneset eit gledeleg 1 pluss i folketal. Denne gongen var det Skiftu-grenda som gjekk eit positivt hakk opp i folketalstatistikken: Ola og Lene fekk ei finfin jente !! Me gratulerar foreldre og familie forøvrig !

23.10 FN-kafè og basar

Jøsneset skule og barnehage har tradisjon på å markere FN-dagen. Òg i år inviterer dei til KAFÈ OG BASAR på Jøsneset skule, gymsalen.Dette skjer som vanleg på DAGTID i skuletida Fredag 23. oktober, Kl 12.30 – ca 14.00. På programmet står det – sceneopptrinn av elevane og barnehagebarna!! – basar til inntekt for to fjernadoptivborn …