Månad: oktober 2009

30.10 Utsiktspunkt Bastbergneset

Nå skjer neste steg mot realisering av ny utsiktsplass ved RV 13, Bastbergneset i Jøsenfjorden: det er nå varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for området. I 2008 var det ein stor arkitektkonkurranse på gong for unge norske formgiverar, og det gjekk ut på utforming av raste/utsiktsplasser langs Nasjonal Turistveg. Den eine konkurransen dreide seg om utforming …

27.10 Asfaltering pågår

Asfaltbåten kom til Skiftukaien natt til mandag, og etter det har asfaltgjengen jobba frå morgon til langt på mørke kvelden.Det er i hovudsak Åslandsvegen som blir oppgradert, og nye partier blir asfaltert der vegen har vore dårleg i lengre tid. Det er òg blitt lagt asfalt i div private tun/gardsrom, så nå blir bygda så …

23.10 Kjekk FN-kafè på skulen

Tradisjonen tru, så arrangerte Jøsneset skule og barnehage FN-kafè med basar i tilknytning til FN-dagen. Dette klaffa då i år på fredag den 23.oktober. Alle barna både i barnehage og skule hadde førebudd denne dagen: Barnehagen selde sjølvtørka epler som var knaskande gode. I tillegg hadde dei "butikk" der de selde mange fine FORUT-produkt. Skuleborna …

22.okt Vakker haust

. SEND OSS DINE HAUSTMOTIV på ungdomslaget@josneset.no   Dei to første bildene er sendt inn av Sigurd Opedal, og er tatt på Åsland i begynnelsen av oktober. ________________ Mange stille, klare dagar og naturen kledd i sine finaste fargar. Frukthausten er på hell, og soppsankinga like så. Nytt og nyt dei siste dagane av oktober ute …

22.okt Klar for asfaltering

Vegen opp til Åsland har lenge vore i dårleg stand, med mange stygge hol undervegs. Det er ikkje heile vegen som blir reparert, kun dei dårlegaste partia oppover. På desse stadene har kommunen fjerna gammal asfalt, foretatt grunnarbeid og klargjort for asfalteringa. I neste veke kjem asfalterings-maskineriet, så då må ein rekne med periodevis stengt vegbane. Det er …

18.10 Utvida hjortejakt på Jøsneset

Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar – og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009. Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om …

Jøsneset i 1 pluss !

I midten av september fekk Jøsneset eit gledeleg 1 pluss i folketal. Denne gongen var det Skiftu-grenda som gjekk eit positivt hakk opp i folketalstatistikken: Ola og Lene fekk ei finfin jente !! Me gratulerar foreldre og familie forøvrig !

23.10 FN-kafè og basar

Jøsneset skule og barnehage har tradisjon på å markere FN-dagen. Òg i år inviterer dei til KAFÈ OG BASAR på Jøsneset skule, gymsalen.Dette skjer som vanleg på DAGTID i skuletida Fredag 23. oktober, Kl 12.30 – ca 14.00. På programmet står det – sceneopptrinn av elevane og barnehagebarna!! – basar til inntekt for to fjernadoptivborn …

17.10.09 Meiningar om adressa di?

Hjelmeland kommune har nå lagt ut forslag til vegnamn på høyring. Forslaga som gjeld Jøsneset er slik:   Jøsnesvegen Foss Fosså Skiftun Åslandsvegen Knutsvik Sakspapira finn du på kommunen si heimeside, www.hjelmeland.kommune.no Eventuelle synspunkt på dei føreslegne namna vert sendt skriftleg til Hjelmeland kommune, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no  innan 09.11.09   Kjelde: Kunngjering i Bygdaposten …

17.10.09 høringsnotat fra helselaget

Jøsneset helselag har nå laga ferdig høringsnotat i høve endring av Nasjonalforeningen for folkehelse sitt handlingsprogram.