17,09 Vellykka scenefest sist helg

laurdag 12.sept blei den nye scenen på Jøsneset opna med brask og bram.

Mellom 130-140 gjester benka seg saman i "storstova" denne kvelden.
Kulturleiar i kommunen Eldfinn Austigard overbrakte dei offisielle ord i samband med opninga, medan Jone Hjorteland "gjorde jobben" og klippte opp den sorike fana: dermed opna òg sceneteppet seg opp !!

Det to timar lange programmet gjekk vidare slag i slag, og inneheldt følgjande:

– Barnehageborna med rørande song – som smelta alles hjerter
– Skuleborna med opptrinn, morsom sketsj og artig talekor
– Kulturskuleinnslag med Malena Altamirano med trillande tonar på tverrfløyte
– Rektor Rasin Tjeltveit og Svanhild H Gbada orienterte litt om prosessen for å få til scenen.
– Tenåringsgutta, dei såkalla "Banana Boddes and friends" trøkkte til med mest lyd, sprøast humor og kulaste gitarvridningar.
– Fotokavalkade: smått og stort frå bygdelivet dei siste åra.
– Siri Hjorteland sang to nydlege låtar "Tirnanoir"  Vamp og "We are the champions"  Queen.
– "Bykvigene" (dvs: dei-forhåpentlegvis-midlertidig-utflytta-unge kvinner-frå-Jøsneset) slo til med eit megakomisk innslag "Miss Jøsneset-kåring"- slik du aldri har sett ei jøsnes-tøtta før!
– Kåseri v/Silje Sværen med pussig start-koffert for nyinnflyttta Jøsnesbuar
– Kåring av vinnar fotokonkurransen "Min Jøsnes-sommar 09":  Lise Tjeltveit med "Sure bær"
– Allsongen "Det e her me hørre te" i ein omskriven Jøsnesvariant v/tekst Anne Hjorteland
– Og heilt til slutt drog salen til med "Happy birthday" for 50årsjubilanten Terje Auglend.

Det heile hadde lokalt og ungdommeleg preg – og her var det jammen mange flotte talenter til å vere så lita bygd !!

Arrangørane Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Bygdaråd takkar ALLE som deltok med innslag og hjelp denne kvelden.

Ikkje minst: takk til "back-stage-teknikarane" Tor Olav Følgjesvold og Eirik Fossaa – som hadde den vanskelege og "nye" jobben med å styre lyd og lys (noko me aldri har hatt på Jøsneset før). Dei klarte eld-dåpen med glans !!:-) Takk òg til Jøsneset skule og Jøsneset barnehage, som bidrog for fullt.

Totalt sett blei det ein flott fest
som fortsatte med sal av varme lakserettar, pølser, brus og kaffe – drøs og raddel.
Etterpå blei det "dansefest" for dei over 18 år med DJ -musikk.

PS: VISS DU HAR FOTO FRÅ OPNINGSFESTEN, SÅ SEND OVER til ungdomslaget@josneset.no – Nettredaksjonen har desverre ingen bilder.
PPS: Slå opp på side 12 i papirutgåva av Bygdaposten 18.09 – derfinn du både bilder og lesestoff om festen.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.