12.sept UNGDOMSTREFF PÅ JØSNESET

HEI ALLE JØSNESKALVAR
I ALDEREN 18-35 ÅR !!

VELKOMMEN TIL UFORMELT TREFF !KissKiss

KVA TRUR DU
OM JØSNESET SI FRAMTID ?

Laurdag 12. september inviterer me Jøsnesungdommar mellom 18-35 år heim til bygda på uformelt ungdomstreff !!

Jo, for me som bur her  bryr oss om bygda si framtid, og me bryr oss om kva de unge meiner om bygda vår!!
Målet vårt er jo at fleire skal finne bygda attraktiv som framtidig buplass !! Me legg ikkje skjul på at me ønskjer at mange som har hatt oppveksten sin her, og andre med dykk, ein dag vender nasen mot oss !!

Du som bur ute ser kanskje betre enn oss kva bygda manglar? Kva utfordringar har me? Kva muligheiter ?
Kva ønskjer du deg av Jøsneset? Kva kan me gjere for å bli meir attraktive?

Er det aktuelt å flytte heim? Kva må til for å ta avgjerda?
Jobb ? Buplass? Sosialt miljø? Aktivitetar?

Me i Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Ungdomslag har litt informasjon om desse forholda klare!
De vil òg få ei lita forteljing om korleis det var å flytte hit.

Møt opp i Trivselstova laur 12 kl 14.00- til ca 16.00.
Bygdarådet spanderer mat og kaff/te – og me håpar me får ein koseleg og uformell prat !!

Og husk: kl 18 blir det stor bygdafest m/sceneopning og ca kl 20.30 blir det fest/dans i gymsalen for alle over 18.
Ørten grunnar for å reisa HIIM denne helga !

Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Ungdomslag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.