07.08.09 vegen til hardhaus/3 nuts tur

Søndag 09. august er det 3 nutstur og hardhaus på Jøsneset. Sjå meir info om dette under kalender til høgre i menyen.

Dersom du ikkje er kjent på Jøsneset er du framleis velkommen til å vere med. Løypene i heia er godt merka. Du tar ferja frå Hjelmeland til Nesvik. Når du køyrer av ferja tek du første veg til venstre, til Skiftun. Deretter fylgjer du vegen ca 2 km til eit y-kryss: der fylgjer du skilt til Åsland. 3 km til topps køyrer du då, så parkerer du der og så har vi felles avgang der kl. 08.00 med folk som er kjent som viser veg. Det vil og vere nokre blå plakatar langs vegen som syner kvar du skal køyre.

Dersom du ønsker å komme seinare, kan du først fylgje skilt og merking til Håvehammar i frå Åsland. Deretter ser du eit skilt til "Fosstemmen", den stien fylgjer du då til du kjem til ein Gapahuk på Fosstemmen. Stien er heile tida merka med raud måling.   

Dersom du har spørsmål, kan du ringe Jorunn på tlf 99638803.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.