Frå 27.07.09 til 28.07.09 vart det på eit døgn målt 91,5 mm nedbør på Åsland. På yr var det ikkje meldt om regn i det heile tatt, kanskje berre ei byge kl 12 dagen etter… så dette kom overraskande på folk flest, trur eg. På veg gjennom bygda dagen etter var det synlege og enorme skader etter regnet. Dersom folk har bilder og forteljingar om skadar regnet har påført, er det fint om de sender det inn til helselaget@josneset.no så kan me leggje det ut på sida her.
Lise Tjeltveit har sendt inn bilder frå Fossånå, ho skriv:
bilda er tatt rundt naustet vårt
"På vindauget på døra viser det merkje etter kor høgt vatnet har stått.
Her er nokre bidrag frå Espen Meling, med bilder frå Nesvik:
T.v: Vatnet har funne vegen gjennom naustet i Nesvik og grove ut heile grunnen. T.h: Er det slik man dyrkar steinfrukt? Pærehagen til Kornelius Nesvik såg slik ut etter regnværet.
T.v: Det blir ei stund til badestranda i Nesvik blir som før! T.h: Dette bildet kan kanskje oppsummere hvor vi kan plassere ferieværet (juliværet)??
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.