Månad: juni 2009

30.06 Gratulasjon!

Cesilie Wåland sendte oss desse to flotte bryllupsbildene :   Wenche Wenche Wåland gifta seg med Svein Egil Korsbø fred 26.juni. Hjartelegaste gratulasjonar !

26.06.09 besøk frå «Aktuelt»

Den 26.06.09 hadde styret i Jøsneset helselag besøk frå Randi Kiil, informasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho kom frå Oslo, saman med sambuaren som for anledningen var fotograf. Randi tok kontakt i vår for å høyre om ho kunne få lage ein sak om Jøsneset helselag til medlemsbladet "Aktuelt" som blir sendt ut til alle medlemmer …

30.06 FOTOKONKURRANSE !

Frist for innsending er nå ute!Juryen er i tenkeboksen…..  FOTOKONKURRANSEN "MIN JØSNES-SOMMAR 2009"  Me beklagar feilen som oppstod sist veke, som gjorde at ikkje bilder blei lagt ut. Her kjem dei!!Klikk på bilda, så får du sjå dei større. Bruk helga til å sende oss dine bilder. Frist 01.09 Premiering på bygdefesten den 12.09— — …

27.06. Kom i form til «Hardhausen»

Me minner om den store konkurranse-dagen søndag 9. aug 09 – då blir det 3-nutstur og Hardhausen. Her er det om å gjere å gå dei tre nutane Gunlanuten – Røssenibben og Valafjellet på den tida som er nærmast den hemmelege idealtida. Viss du òg vil ha tittelen HARDHAUS må du òg oppom den 4. …

Laurd 18 juli – Ballbingeopning og loppemarknad

 Programmet for laurd 18. juli er klart:KL 12.00 Offisiell opning av ballbingen med snorklipping og talar Deretter står diverse lag klar for fotball- og volleyballkampar.Her stille både barn, ungdom og vaksne, kvinner og menn, bygdafolk og hyttefolk "ommanidom" – så dette blir MORO !!Er de virkeleg topptrente ?? Sal av grillmat: laks, pølser mm og …

Sommarens kinoprogram

Har du lyst å sjå ein god film ? Hugs du kan gjere det på Hjelmeland.Her er sommarens kinoplakat.

Sommar 09 – flott kunstutstilling på Spinneriet

Denne sommaren er det ein finfin kunstutstilling i Spinneriet på Hjelmeland. Over 20 kunstnerar frå 10 ulike land er komne til Hjelmeland med nokre av sine kunstverk; ulike stilartar. Opningsdagen er laurd 27.juni – og utstillingen varer heilt fram til 16. august. Sjå her

26.06 ME TRENG «LOPPER» !

Me i Ungdomslaget skal ha loppemarked, lørd 18 juli (same dag som ballbingeopninga) – og me treng lopper ! Har du noko fint og nyttig som du ikkje bruker/er lei av, og som du ønskjer å bli kvitt? Kanskje du har noko du ikkje tykkjer er "på moten" meir? Det kan vere alt mulig eigentleg, …

22.06.09 Hjertelinjen på turne

Hjerteseksjonen i Nasjonalforeningen for folkehelsen – Oslo, har kontakta Rogaland fylkesstyre om å være ett av få fylker som får delta i et prosjekt som heter "Hjertelinjen på turne". Dette er et gratis tilbud til publikum om å få måle sin risiko for hjerte. og kar sjukdom. Dette gjøres ved kontroll av vekt, kombinert med …

22.06.09 Merka løype til Valafjellet

Har nå merka ny løype opp til Valafjellet – løypa tek av ved Grønaliknaggen. Friska samstundes opp den gamle løypa som tek av løypa til Gundlanuten nokre hundre meter nedanfor Gundlatjødnå. Ny løype og gamal løype møtest i kryss på Valafjedle kor det er sett opp to skilt (Gundlanuten og Fosstemmen). Her er og sett …

Jonsok i 1929

Jonsokafta er ikkje alltid blitt feira i Skiftustranda. I den gamle VONA (Ungdomslaget si lags-bok) står det fleire stader om Jonsok-feiring på Håvehammar. Her kjem ein stubbe frå 1929: JONSOK Brakje vart hoggen og dregen på plassdet var visst nær på et hestelassAt veden var turr eg hermed sannarfor bålet skulde brenna bjart – på …

17.06 Skuleslutt og scenestart

Onsdags-kveld den 17.06 var det ein kjekk avslutningskveld for skuleåret 08/09, og bygdefolket var invitert. Det blei ei kosestund med fleire ulike innslag frå småskulen, storskulen og kulturskulen; både dans, song, fløyte-og gitarspel mm og ikkje minst snåle power-point-presentasjonar om sjøprosjektet i Nesvik og storskuletur til Sandvikneset – flott! Skuleåret blei avslutta – men ei ny …

23.06. Jonsok-feiring

Skiftu-stranda 18.30

17.06. Bli med på Jonsok-feiring

Det blir tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftu-stranda tirsdag 23. juni klokka 18.30. Det blir bål, felles grill og leiker. Ta med grillmat,  noko å sitja på og gode klede. Alle er velkomne!  

15.06 Merka sti mellom Herefjell og Fossmarka

Stien mellom Gaukjen på Herefjellet og Fossmarka er nå skilta og merka. Denne trasèen er eigentleg ein gammal sti, så den er tydeleg i terrenget. Men for folk som ikkje er lokalkjende kan det vere vanskeleg å vite kor ein skal "ta av" og kor ein havnar om ein tilfeldigvis kjem inn på stien. Trasèen …

13.06 Ny værstasjon viser Jøsnesværet

Nå kan du følgje med på Jøsnesværet kontinurlig – via nettet her ! Det er montert opp ein ny værstasjon på oppdrettsanlegget like utanfor Fosså. Denne er kopla til nett, og her kan du følgje med på om sola virkeleg skin i solbygda Jøsneset, eller om tåka ligg tett og bygene står i kø. Den nye …

10.06 Håvehammar i skuddet

Kommunen fornyar sine turstikart – og her er Håvehammar aktuell. Hjelmeland kommune laga for nokre år sidan ein flott tursti-brosjyre med kart og utvalde turforslag frå ulike bygder i kommunen. Desse tursti-forslaga blir nå presentert i ny lay-out og nå på nett. Jøsneset sitt bidrag er den populære HÅVEHAMMAR !  Den finn du nå òg skildra …

17.06 Avslutningskveld for skulen

Onsdag 17.06 inviterer Jøsneset skule til avslutningskveld i gymsalen. Her blir det opptreden av barna av ulikt slag; m.a kulturskule-innslag. For første gong i historia skal dette skje oppe på ein orntlig scene !!Endeleg får me barna opp frå golvet; så nå skal me både få sjå og høyre de orntlig! Den nye scenen er …

25.juni Tupperware-selskap

Torsdag 25. juni kl 19.30 TUPPERWARE-SELSKAP I TRIVSELSTOVA. Nytt kvelden til å skaffe deg nokre av desse bånnsolide, udødelege og u-unnverlege  kjøkkenprodukta.Les meir om Tupperware her. Det er Cesilie Wåland som inviterer !