Det har vore triveleg søndagskafé på Trivselståvå dei to siste søndagane mellom kl 15-17. Ungane spring ute og leikar eller spelar i den nye ballbingen, inne på Trivselståvå går det an å få kjøpt seg vaffel, kaffi og diverse. Litt frukt sto og på borda.
Føremålet med kaféen i sommar er rett og slett å vere sosiale. Vi vil prøve å prise varene slik at dei kun dekker innkjøpet. Ansvaret vil gå på rundgang.
Vel møtt neste kafé, sjå datoane under "kalender".
Helselaget
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.