09.08.09 3-nutstur og hardhausen

 

Legg dokke i hardtrening! Det blir ein krevande fjelltur på Jøsneset den 09 AUGUST 2009. Påmelding og start mellom kl. 9 og 11 på Gapahuk’en på Fosstemmen. Felles avgang for de som ikkje er kjent frå Åsland kl. 08.00. Det er to alternativ:

3-nutsturen: Gunlanuten 829 moh, Røssenibben 715 moh og Valafjellet 713 moh. Ca 13 km variert terreng.

Hardhausen: er dei same nutane som ovanfor, men Norda Høgaste 690 moh på Herefjellet kjem i tillegg. Ca 18 km variert terreng.

Det er merka løype. Vi startar tidtaking frå Fosstemmen og den som kjem nærast den hemmelege "idealtida" vinn premien! Deltakarpremie til alle.

Kr 50,- i startavgift for alle som skal delta.

Ta med grillmat sjøl, det kan du setje på gapahuk’en medan du går (vi har med noen kjølebaggar). Husk å ha med drikke og klede etter forholda. Vi held grillkull og tennveske så du kan ha et grillmåltid når turen er vel gått og vi skal utrope vinnarane. Slutt ca kl 17.00.

Arr. Jøsneset helselag og Jøsneset ungdomslag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.