Den årvisse og populære bygdeavisa "Jøsnesposten" er nå ferdig og er ute til salgs. Avisa blir laga av storskulelevane på Jøsneset skule, og òg i år har dei fått til ei fargerik, morsom og underhaldande avis. Her får du vite nytt om litt av kvart i bygda, ein del "dybde-intervju" , litt krim og litt historie …
Det blir tradisjonell 17.mai-feiring på Jøsneset, med tog frå Skiftun-kaien klokka 11.00. Deretter blir det feiring i gymsalen, med tale av Nils Jarl Nessa, matsal, leiker og konkurransar. Det ser ut til at me får flott vèr, så møt opp!