14.mai Eldretreffen til TrodlaTysdal

Torsdag 14. mai dreg Eldretreffen på tur til "ein stad det ingen skulle tru at nokon kunne bu".
12 stk har meldt seg på, og turen går til Trodla Tysdal.

images/JUL/Bilder/trodla.jpg
 
Trodla Tysdal er ein spektakulær og særprega plass; ein einbølt veglaus gard inst inne ved øvre Tysdalsvatet.
Der bur og virkar Kjell Tysdal.  Han tek i mot gjestene med båt ved vestenden (v/ Valheim i Årdal), og kjører dei innover det lange vatnet.  Inne på garden vil han vise de litt rundt og fortelje litt om garden og livet der inne.
Han serverer òg middag og kaffe på Jøsnesgjengen.

Me ønskjer seniorane ein rektig fin tur, og håpar at himmelen er like blå som på bildet
(som blei tatt ein varm og vakker junidag i fjor).


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.