Det har vore triveleg søndagskafé på Trivselståvå dei to siste søndagane mellom kl 15-17. Ungane spring ute og leikar eller spelar i den nye ballbingen, inne på Trivselståvå går det an å få kjøpt seg vaffel, kaffi og diverse. Litt frukt sto og på borda. Føremålet med kaféen i sommar er rett og slett å vere sosiale. …
Torsdag 14.mai hadde ELDRETREFFEN ein eventyrleg tur til staden som har fått namn etter trolla: TrodlaTysdal. Kjell Tysdal møtte dei 12 Jøsnes-seniorane på vestenden av Tysdalsvatnet; ved Valheim i Årdal. Han skyssa dei over det 12 km lange vatnet med båten sin – det i seg sjølv ei opplevelsrik ferd langs dei bratte, ville fjellkantane. …
Det er framleis ledige plasser på Ganntur den 28.05.09 kl. 10.00. Ring Berit T.Skiftun på tlf 97112474
Det blir Kafè på Trivselstua i sommar følgjande dagar: Søn: 24. maiSøn: 31. juniSøn: 07. juniSøn: 14. juni er AVLYST pga lite behov for sosial møteplass på dette tidspunktet. Søn: 28. juni. er AVLYST Alle dagar frå kl. 15.00 – 17.00. Sal av brus, vafler, kaffe, m.m. Arr: Jøsneset Helselag
17.mai-feiringa blei både kjekk og koseleg, med godvèr. Toget starta frå Skiftun kai kl 11.00 og det dura oppover mot skulen. På skuleplassen song me "Ja vi elsker", før det var inn å høyre talen, som i år var av varaordførar Nils Jarl Nessa. Nytt av året i år, var at me måtte øve …
Legg dokke i hardtrening! Det blir ein krevande fjelltur på Jøsneset den 09 AUGUST 2009. Påmelding og start mellom kl. 9 og 11 på Gapahuk’en på Fosstemmen. Felles avgang for de som ikkje er kjent frå Åsland kl. 08.00. Det er to alternativ: 3-nutsturen: Gunlanuten 829 moh, Røssenibben 715 moh og Valafjellet 713 moh. …
Den årvisse og populære bygdeavisa "Jøsnesposten" er nå ferdig og er ute til salgs. Avisa blir laga av storskulelevane på Jøsneset skule, og òg i år har dei fått til ei fargerik, morsom og underhaldande avis. Her får du vite nytt om litt av kvart i bygda, ein del "dybde-intervju" , litt krim og litt historie …
Det blir tradisjonell 17.mai-feiring på Jøsneset, med tog frå Skiftun-kaien klokka 11.00. Deretter blir det feiring i gymsalen, med tale av Nils Jarl Nessa, matsal, leiker og konkurransar. Det ser ut til at me får flott vèr, så møt opp!
VONI (eller VONA, som dei kalla den seinare) var altså lagsavisa til Jøsneset Ungdomslag frå 1903 – 1957. Ungdom i bygda skreiv i boka, og dei les opp frå den på ungdomslagsmøta. Og så gjekk den på omgang. Det er mykje forskjellig stoff i den; noko sant og noko fantasi, noko om natur og kvardagsliv …
Torsdag 14. mai dreg Eldretreffen på tur til "ein stad det ingen skulle tru at nokon kunne bu".12 stk har meldt seg på, og turen går til Trodla Tysdal. Trodla Tysdal er ein spektakulær og særprega plass; ein einbølt veglaus gard inst inne ved øvre Tysdalsvatet.Der bur og virkar Kjell Tysdal. Han tek i mot …
Nok eit stort dugnadsprosjekt er fullført på Jøsneset – nå BALLBINGEN !!! Arbeidet har pågått nokre veker nå – med full intensivering av arbeidet nå denne helga 8-10 mai. Torsdagskveld og fredag ettermiddag blei steinstøvet finfordelt og komprimert – ein nøyaktig og viktig del av jobben. Laurdag blei kunstgraset rulla ut og dei tre montørane …
Til alle Jøsnesbønder: Det blir arrangert innsamling av landbruksplast og pp-sekker (storsekker). Her på Jøsneset er det Sven Gil Westersjø som er kontaktperson. Mob nr 92 86 24 10. Plasten skal vere rein for forrester og nett, og skal leggjast oppi kontainer. ARR: Hjelmeland Bondelag
Det pågår for tida intens jobbing for å få ferdig ballbingen. Denne veka er det blitt kjørt på meir singel, og til slutt finlaget med steinstøv. Kvar dag denne veka har det pågått arbeid, både av enkeltpersonar på dagtid og av grupper på kveldstid. Torsdag kveld t.d. stilde ein gjeng på 6-7 karar og dei 7 "gutta-boys" ! Og …
16. mai: 18:00 Skarpskyting på skytebanen 17.mai: 11:00 Toget går frå Skiftun-kaien til skulen. Tale for dagen ved Nils Jarl Nessa. Sal av lapskaus, pølser, is og brus. Konkurranser og leiker på skuleplassen. 15:00 Premieutdeling og avrunding.
Fylkesleder i Rogaland og Vest Agder, Nasjonalforeningen for folkehelse, Bitte Giæver har sagt opp sin stilling og slutter nå. Hun har vært til stor inspirasjon for mange i helselaga rundt om kring. Hun var også på Jøsneset i fjor, på damekvelden den 27.03.08, og snakka om sitt opphald i Libya og kvinners rolle der. Vi kommer …
Det er nye opningstider på Nauste fra 1 mai.Me har nå åpent 10-19.30 alle dager. MVH Cesilie Wåland
Nå for tida er det flott å gå tur i skog og mark. Er ein heldig kjem ein over gule bakkar med kusymra som blømar. Symre henger samen med somaren, og er gitt til merkeplanter som viste at nå var somaren kommet så og så langt. Når kusymra blomstra, kunne kyrne sendes på beite. Kusymra …
Onsdag 06.05.09 frå 12-13 var det hjertemarsj på Jøsneset. Jøsneset helselag arrangerte marsjen for tredje året på rad. Hjertemarsjen blir arrangert for å setje fokus på forebygging av hjerte- og karsjukdommer. Ca. 50 % av alle dødsfall skuldast hjerte- og kar sjukdommar. Hjertet er ein muskel som må trenast, og det blir anbefalt å være …
Det blir tradisjonell ryddedag torsdag 7. mai klokka 17.30 Møt opp på skuleplassen, så rydder me bygda til 17. mai! Etterpå blir det sjølsagt pølser, brus og kaffi i godt lag
Òg turstirydding skjer av frivillige hender. Nå er det an Kåre så har vore ute med saga. Den fine ruta mellom Tonå og Håvehammar er nå rydda for gammal ruskete brakje og kvist og kvast. Denne ruta er lettleg og kjempefin – spesielt når du går frå Håvehammar og ut: open og fin utsikt mot fjorden …