Me har nå fått invitasjon til å delta på årets Frukt og Laksefestival 5-6 sept ! Temaet er "HIMALAGT". Me luftar herved interessa for ein slik stand.
Invitasjonen er sendt oss fordi Jøsneset deltok med eigen stand både i fjor og for nokre år sidan. Som nemnd er årets tema "HIMALAGT". Arrangøren vil fokusere på himalagte mat- og håndtverksprodukt, men elles får festen same opplegg ute og inne i Vågen som før. I fjor var det ca 5000 besøkande på festivalområdet – så dette trekk folk "te bøgdars" !! Nytt av året blir bilutstilling og sykkelløp.
I fjor var det dei frivillige laga i bygda som tok initiativet til standen, og alle som hadde Jøsnesprodukt til salgs, var inviterte til å stå under "Jøsnes-fana" . Det er nytt år og nye moglegheiter, og kven som vil kan vere primus motor på ein eventuell Jøsnes-stand og det kan sjølsagt gjerast på andre måtar om det blir aktuelt.
Meld tilbake til oss kva du meiner om ny Jøsnes-stand ?
Har du produkt du ønskjer å marknadsføre i såfall ?
Kan du bidra på standen i såfall ?
Dersom du har synspunkt og idèar til dette, meld tilbake innan 20.mai til :
helselaget@josneset.no v/ Jorunn Foss,
bygdaradet@josneset.no v/ Silje Sværen eller
ungdomslaget@josneset.no v/ Svanhild H Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.