18.04 Dugnad x 2

Laurdag 18.04 var det hektisk dugnadjobbing i bygda……..
images/JUL/Bilder/dugnad1s.jpg

……både høgt og lågt !

Ja, for om du trudde at Jøsnesbuen låg med føtne høgt i solstolen og slikka sol i helga – så får du tru omatt !
Tvert om; de stod stort sett med rumpene i været ……på dugnadsjobbing X 2.

Fem mannfolk og ein sprek gjeng med fotballguttar stod på håvet i BALLBINGETOMTA. Leif var på plass med gravemaskin, ein del fedre kjørte singel og drensrøyr blei lagt ned rundt heile banen. Guttagjengen skufla på som gamle anleggs-sluskar ein heil arbeidsdag! …var det noko som snakka om at ungdom nå til dags får "alt oppi hendene" ? Nei, her bidrar de sjølv!

Og så var det dugnadsgjeng nr 2:  6 vaksne, 1 ungdom og 8 barn drog til heis nedlesst av reidskap. Ryddedugnad på KALVAGAREN v/ Fosstemmen. Det var uteområdet som blei rydda og ordna. Ein del tungt steinarbeid, ryddig i brakje, planering, ved-løing mm.  Denne gjengen fekk seg òg ein kjekk lunsjpause – for både den nye bålpanna og den nye kaffekjelen skullle innviast denne dagen – då det blei grilling og orntlig god kaffe frå kjelen !  Det einaste som nå manglar på plassen er eit par traktorskuffer med fyllmasse – og vips, så går det snart an å få plass til lavo/telt òg på staden !
images/JUL/Bilder/dugnad3s.jpg  images/JUL/Bilder/dugnad2s.jpg

…….og lurer du på om det blei fint rundt KALVAGAREN ??
Det syns gjengen som jobba – og har du lyst å sjekke det sjøl ?
TA TUREN SAMAN MED HJELMELAND TURLAG SØNDAG 26 APRIL  så får du sjå !!

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.