Månad: april 2009

27.04 Jøsnesstand på Frukt og Laks i år ??

Me har nå fått invitasjon til å delta på årets Frukt og Laksefestival 5-6 sept ! Temaet er "HIMALAGT". Me luftar herved interessa for ein slik stand. Invitasjonen er sendt oss fordi Jøsneset deltok med eigen stand både i fjor og for nokre år sidan.  Som nemnd er årets tema "HIMALAGT". Arrangøren vil fokusere på himalagte …

06.05.09 Hjertemarsj

Onsdag 06.05.09 kl. 12.00  blir det Hjertemarsj frå skuleplassen. Vi går i ca 1/2 time og løypa blir rundt "nullen". Også i år vil deltakarane få utdelt pins og det blir premiering etter loddtrekning. Det blir og sal av hjertelodd. I år satsar vi berre på det sunne, og det blir ikkje kafé etterpå. Men …

23.04 «Varme tankar» frå 1950

Som før nemnd vil me sporadisk prøve å leggje ut litt stoff frå VONA – Ungdomslaget si "lagsavis" frå 1903-1957. I VONA finn me masse artig lokalstoff, ein god del fantasi og oppspinn, men òg sanne stubbar frå Jøsnes-kvardagen oppover åra. Ikkje minst finn me mange ulike skildringar av det å vere ungdom. Her kjem …

23.04 «Jøsnesposten» i produksjon

Tradisjonen tru blir det "Jøsnesposten" i år òg – storskuleelevane er i full sving med skriving og intervjuer. Dei vil lite røpe om kva stoff det blir å finne i år, dei er noko hemmelegheitsfulle enda. Men den populære smånytt-spalta mååå berre komme !  Det ryktes òg om kriminal-stoff– hm, blir vel skummelt ?? Og så tippar me det blir …

22.04.09 Hjertemøte på SUS

Vi legger her ut invitasjon til hjertemøte som blir avholdt hvert år på universitetssjukehuset i Stavanger. Dette er møter som er blitt svært populære, og det er stadig fleire som finner vegen dit. Helselaget

21,04 Nye ferjeruter frå 1.mai

Det er ikkje dei heilt store endringane i forhold til dagens, så enda må ein rekne med "Omboturar" . Men  "pendlaravgangen" frå Hjelmeland 15.45 er behalden; dvs innspela frå fleire av pendlarane er tekne til følgje. Ferjrutene ser du HER og dei skal altså begynne å gjelde først frå 1.mai.

26.04 FELLESTUR TIL FOSSTEMMEN

HJELMELAND TURLAG ARRANGERER FAMILIETUR TIL FOSS-STEMMEN og KALVAGARENSØNDAG 26 APRIL ca KL 10.30 FRÅ FOSS. NATURSTI PÅ VEG OPP.                        TURLAGET SKRIV: "Turen går fra Foss på Jøsneset og opp langs en traktorvei til Fosstemmen. Her slår vi oss ned i Gapahuken. Ta gjerne med grillmat. Turansvarleg: Rune Spilde (98029680). Frammøte: Foss på Jøsneset. Ferje …

18.04 Dugnad x 2

Laurdag 18.04 var det hektisk dugnadjobbing i bygda…….. ……både høgt og lågt ! Ja, for om du trudde at Jøsnesbuen låg med føtne høgt i solstolen og slikka sol i helga – så får du tru omatt !Tvert om; de stod stort sett med rumpene i været ……på dugnadsjobbing X 2. Fem mannfolk og ein …

17.04 Bra stein på Høgafjell??

Bygdaposten melder at det store tyske entreprenør-selskapet Deutsche Asphalt er interessert i å undersøkje steinkvaliteten i området rundt Høgafjell og Morkjå. Deutsche Asphalt har engasjert Norges Geologiske Undersøkingar til å sjekke ut om steinen i området er av rett kvalitet for eit mogleg pukk-uttak. Dei tek sikte på grunnundersøking og prøvetaking alt nå i april! Les …

18.04 Ryddedugnad «Kalvagaren»

RYDDEDUGNAD "KALVAGAREN" v/FOSS-STEMMEN LØRD 18 APRIL 09. Me møtes kl 10.00 på Foss KALVAGAREN er blitt ein flott og populær plass for turfolk – men det er ikkje heilt ferdigstilt utanfor. Dette fiksar me opp i denne dagen: – lage bålgrue – rydde/jamne/slette til på uteplassen– rydde/skjære vekk brakje og brenne kvist og kvast– bære …

15.04 Aktiv påske

I løpet av påskeveka var det over 100 besøkande på Håvehammar !! Så nå har det vore over 200 stk her totalt ila året. Brynå hadde òg godt besøk i påsken, og ligg ca 20 stk framfor Håvehammar i totalt tal besøkande ….Brynå er altså den mest populære turposten hittil !! Ved Kalvagaren og Foss-stemmmen har det …

Nytt kinoprogram mai/juni

Kinoen på Hjelmeland "hang i ein tynn tråd" under vinterens budsjettforhandlingar – men heldigvis består den enda. Og mange gode filmar kan du sjå der. Ta turen !

10.04 Kjekt mimretreff

Påskeafta blei det eit par koselege timar med Ungdomslags-mimringFoto Jostein Westersjø Det blei eit par kjekke og koselege mimretimar i Ungdomslagets "ånd" i Trivselstova Påskeaften.Ca 20 stk, unge og eldre, møtte opp til mimretreffet. Arthur Westersjø og Olav Fossaa var begge invitert til å snakke litt om sine periodar som leiarar i Ungdomslaget: Arthur var …

PÅSKEBILDER !

Vinnaren påskebilde-trekninga blei SIRI HJORTELAND frå Tasta !Eit villsaulam er født –hæh? med solbriller på ??? Alle som sendte inn påskebilder,var med i trekninga av ei sporty www-josneset.no -T-skjorte. Nå er den "høgtidelege" loddtrekninga  foretatt – og Siri frå Stavanger blei altså vinnaren. Ho har sendt inn tre bilder frå sin aktive Jøsnes-påske. Ho var den einaste "utan-bygdske" deltakar, men …

05.04 Send oss dine påskebilder !

 Send oss dine påskebilder innan onsdag 15.april – og bli med i trekninga av ei Jøsnes-T-skjorte ! Påsken er ferie og fototid.  Send oss dine bilder frå di påskefeiring på Jøsneset ; anten det er frå skituren, båtlivet, hagestemninga eller sofa-slitinga….godvær eller drittvær….spiller ingen rolle – påsken er så mangt !! Dei som deltar blir med …

04.04.09 Sviing av Herefjellet

Lørdag 04.04 blei Herefjellet svidd av. 8-10 stk var med og sette fyr. Det var litt trekk frå sør-vest, så dei sette fyr frampå og det brant seg bakover. Alt var under kontroll heile tida og det tok ikkje av. Nokre stader var det litt vanskeleg å få det til å brenne. Sist gong kunne ein …