Månad: mars 2009

Påskeafta: MIMRE-KAFÈ

Velkommen til MIMRE-KAFÈ i Trivselstova, Påskeafta kl 15.30 !! Jøsneset Ungdomslag er over 110 år – og då er det vel på høg tid med MIMRE-KAFÈ. Kom å høyr fortejljingar frå laget si glanstid; før og etter krigen.Høyr historia om Ungdomshuset !Og ikkje minst: Høyr opplesing frå VONÅ …. LES MEIR HER.Har du gamle bilder …

30.03 Vellykka brannøving på Foss

Mand 30 mars blei ei gammal løe brent kontrollert ned Det var den gamle løa i tunet hos Sven og Ingeborg Westersjø som blei brent opp. Tre brannbilar var på staden med brannmannskap både frå Hjelmeland, Jøsenfjorden og Jøsneset. Etter at det var tent på, og brannen ulma noko, fekk brannmannskapet frå Jøsneset og Jøsenfjorden gå …

28.03 Ballbingebygging i sving

Laurdag 28.03 starta ballbinge-arbeidet ved skulen. Full rulle: Leif i gravemaskinen og 5 karar i i skytteltrafikk med traktor.  Bingegropa blei gravd ut, og massen kjørt vekk. Dette var reint dugnadsarbeid,  og dei 6 karane heldt på frå kl 8 om morgonen til 7 om kvelden, så det var ei rimeleg god økt og eit godt stykke …

28.03 Sløkk lyset og still klokka

"Sløkk lyset ein time frå kl. 20.30  laurdag 28.03". Det er 11 år gamle Gaute Widerøe Hennig ved Hjelmeland skule som kjem med denne oppmodinga. Han har sendt brev til alle skulane , til kommuneleiinga og Bygdaposten , og oppmodar alle til å bli me på denne verdensomspennande klimakampanjen som kallast EARTH HOUR. Dette er først og fremst ei …

26.03. Magalause Thomas

Bravo Thomas – gratla med premieren !!   Torsdag 26.03 var det premiere på MAGALAUS -revyen på Hjelmeland – og me gratulerar Thomas med ei kjempeflott forestilling !!!  Thomas er yngste deltakar, 13 år, og òg einaste frå nordsida av fjorden. Thomas hadde fleire rollar – og gjorde det kjempebra!! T.d gjorde han bra figur både som …

25.03 Ingen påskerevy i år, men…

Me har fått spørsmål frå ein del: blir det ingen påkerevy i år ??Og svaret er nei – desverre blir det ikkje det !  Men me har ein god grunn ! Det pågår byggearbeid i/ved gymsalen – me byggjer scene !! Så her skal det nok bli mei sprett og sprell i åra framover. Førebels får me …

24.03 Bygdakveld om utvandring

Tysdag 24. mars kjem Odd Harald Olsen til Trivselsstova for å fortelja om utvandringa frå Hjelmeland – og Jøsneset – til Amerika Unge og gamle er velkomne til Trivselsstova 19.30. Kven var Ryfylkingane – og Jøsnesbuar – som reiste til Amerika? Det blir sjølvsagt tid til kaffi, litt mat og ein god drøs!

29.03 Skitur til Natlandsnuten

Søndag 29.03 – fellestur til vakre Natlandsnuten Meir info finn du HER. Arrangør Hjelmeland Turlag.

16.03 Frekke tjueri

I ein stolen bil frå Suldal tok ein kar seg sørover mot Jøsneset tidleg søndag morgon, men bilen stansa rett før han kom til bygda. I Nesvik stal han seg då ein ny bil  – på lyse morgonen . Men trur du han tok ryming? Nei, i den stolne bilen kjørte han vidare til Åsland !! .Der gjekk han …

26.03.09 Damekveld – merk nytt tidspunkt!

Siste torsdag i mars, den 26.03.09, blir det damekveld igjen på trivselståvå. MERK at tidspunktet blir endra for denne gongen: kl. 19.30! Denne torsdagen kjem Ellen Louise Eiane Brandal og Zakia Kassimi frå Algerie. Det blir mulighet til litt drøs og kulturutveksling denne kvelden. Vel møtt adle damer! arr. Helselaget ved Berit Skiftun tlf 51751993

10.03. «Kalvagaren» i fokus!

KALVAGAREN ligg nå helst i fred og ro i det snødekte landskapet oppe ved Foss-stemmen nå på denne årstida.  Berre hjortane så kosar seg rundt nåvene der nå.  Men likevel……akkurat nå er KALVAGAREN kome i fokus. Iallfall på Ryfylkesidene www.ryfylke.no. Ta ein tur til sidene å sjå vel !Der får du kortvarianten av historia om koss …

07.03 Jøsneset i 1 pluss

FOLKEVEKST PÅ JØSNESET Fossdalen er vel den grenda på Jøsneset som har opplevd aller størst prosentvis folkevekst dei siste fem åra. Og statistikken peikar stadig meir oppover : Ingeborg og Sven fekk jente nr 3 i går !!  Me gratulerar familien og gledar oss stort over folkeveksten i bygda !!Den stolte far sender stafett-pinnen vidare……………nokon som tar …

04.03.09 Grasrotandel kan gis til Jøsneset helselag

Jøsneset helselag har registrert seg i frivillighetsregisteret, og kan dermed motta grasrotmidler frå Norsk Tipping. Dersom du skal tippe og vil at lokalmiljøet skal få din andel tilbake, bør du nytte deg av høvet til dette. Vi håpar mange vel Jøsneset helselag som mottakar av desse, då det er med på å støtte det viktige …

04.03.09 Vinnaren kåra i toppturkonkurransen

På årsmøte i Jøsneset helselag den 02.03.09 vart vinnaren på toppturkonkurransen trekt. Det var 22 deltakarar i trekninga som alle hadde gått til alle 8 turpostane i løpet av 2008. Premien var ein flott Hadeland krystallvase med logoen til Nasjonalforeningen for folkehelse på, og i tillegg var det gravert inn "Vinnaren av toppturkonkurransen 2008. Jøsneset …

12.03 ÅRSMØTE BYGDARÅDET

Torsdag 12. mars kl 19.30, Trivselstova,  Årsmøte i Bygdarådet, I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil temaet NY GIV FOR AUKA BUSETNAD bli drøfta.Så her er det rom for "hjernestorm" og diskusjon Årsmøteinnkallinga kan du lese her. Og Bygdarådet si årsmelding for 2008 finn du her.