Dag: 26. februar 2009

01.03 Styremøte i Ungdomslaget

Søndag 01.03.09 kl 17.00 er det styremøte i Ungdomslaget, Trivselstova. Me skal mellom anna setje opp årsplan for 2009. Er det nokon som har innspel og tips til oss om kva me kan finne på utover året, så ta gjerne kontakt. Svanhild H Gbada, 97 00 76 36 eller ungdomslaget@josneset.no  

28.01. Referat frå årsmøte i Ungdomslaget

Fredag 13.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Dei siste åra har det vore dårleg frammøte; mest skulda at me har møta ein helgedag pga pendlande ungdom. Men i år var det bra frammøte – noko som kanskje skuldast at me hadde eit kjekkt thai-mat-kurs i forkant av årsmøtet. Ekstra kjekkt var det at den …