Søndag 15.02 var det duka for UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Kulturhuset på Sand. Her deltok 4 Jøsnes-guttar. Ein av dei; Jone Hjorteland gjekk vidare til Fylkes-mønstringa saman med Bands of Brothers.
Det blei ei kjekk og variert framsyning av 8-9 deltakarar frå Suldal og Hjelmeland; frå klassisk fiolinspel, til flott dans, hard-rock og stand-up-komikk.
Jone sang med stor innleving og energi saman med Hjelmelandsguttar på gitar, bass og trommer. Dei framførte to hardrock- låtar (den eine var vel Iron Maiden), og det gjorde dei så bra at dei kom vidare til fylkesmønstringa som skal vere i Tysvær!!
Me gratulerar Jone og gjengen, og ønsker lykke til vidare.
Sondre Fosså , Thomas T og Jonas Hjorteland Gbada utgjore den sjølvinstruerte stand-up-trioen BANANA BODDES; inrodusert som «tre pikksnodige karar få verdens navle; nærmare bestemt Jøsneset».
Dette var eit 100 % Jøsnesprodukt. Sondre og Thomas hadde hovudrollane i den blomstrete sofaen og framførte smekker danseinstruksjon i spa-tøfler og FK-kjeledress, medan Jonas var manna-karen (nynorsk for manageren) som kutta banan med motorsag og jekka Sondre og Thomas inn og ut. Guttane strålte dei breiaste banan-flira etterpå – med god grunn fornøyd med kvelden !
Flott innsats – me håpar å sjå masse meir både til Jone og komi-banan-karane framover !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.