Søndag 15 februar blir det Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Kulturhuset på Sand.
2-3 dagar før påmeldingsfrist er det kun to påmeldte innslag frå kommunane Suldal/Hjelmeland, og i begge innslaga stiller det spreke guttar frå Jøsneset.
Dei som er påmeldt er:
BANDS OF BROTHERS:
hard-rockband: Jone Hjorteland (13) vokalist saman med bandmedlemmer frå Hjelmeland.
Dette blir skikkeleg TRØKK ! Slik du aldri har sett ein jøsnesgutt før !
Jone «debuterte» som hard-rock-artist på revyscena på Ungdomsskulen før jul –
Det ga vist meirsmak, for nå trør han og bandet til igjen med høgt lydnivå og mykje energi!
BANANA BODDES:
stand-up -komikk med/ Thomas T, Sondre Fosså og Jonas H Gbada – alle 13 år.
Guttane sørger for manus og regi sjølv, og er nå inne øvingsfasen. Dei har òg litt scene-erfaring, både på revy her i bygda og frå ungdomsskulen. Trioen er førebels sparsame med å røpe innhald i innslaget…..men me veit at fantasien sprudle der i gården..så me satsar på det blir moro !
Thomas, her frå påskerevyen. Blir det svart bart på UKM mon??
Ta turen inn til Sand den 15 feb for å heie Jøsnes-gutta fram !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.