Månad: februar 2009

01.03 Styremøte i Ungdomslaget

Søndag 01.03.09 kl 17.00 er det styremøte i Ungdomslaget, Trivselstova. Me skal mellom anna setje opp årsplan for 2009. Er det nokon som har innspel og tips til oss om kva me kan finne på utover året, så ta gjerne kontakt. Svanhild H Gbada, 97 00 76 36 eller ungdomslaget@josneset.no  

28.01. Referat frå årsmøte i Ungdomslaget

Fredag 13.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Dei siste åra har det vore dårleg frammøte; mest skulda at me har møta ein helgedag pga pendlande ungdom. Men i år var det bra frammøte – noko som kanskje skuldast at me hadde eit kjekkt thai-mat-kurs i forkant av årsmøtet. Ekstra kjekkt var det at den …

22.02.09 Toppturkonkurranse 2009

Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009. Helselaget …

02.03.09 Fysio Johs Van Langen på årsmøte i helselaget

Fysioterapeut Johs Van Langen stiller på årsmøtet til Jøsneset helselag for å snakke om trening. I tillegg skal vi ha trekning av vinnar i toppturkonkurransen 2008! Det blir og basar som vanleg, vi set stor pris på gåver til basaren! Så sett av datoen 02.03.09 kl. 19.00 til å komme på årsmøtet til helselaget. Innkallinga …

16.02 Thaimat – tips

Fredag 13.02 hadde me besøk av Siranee Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland. 17 matglade møtte opp, og kokkelerte samane med Siranee, som gladeleg dele om seg med thailandse mat-tips. "Milliliter-oppskrifter" finns ikkje i thai-kjøkkenet, ifølge Siranee. Det viktige er å kunne litt om ingrediensene og smakstilsetningane, og så er det berre å hakke i …

15.02 Flott innsats på UKM på Sand

Søndag 15.02 var det duka for UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Kulturhuset på Sand. Her deltok 4 Jøsnes-guttar. Ein av dei; Jone Hjorteland gjekk vidare til Fylkes-mønstringa saman med Bands of Brothers.   Det blei ei kjekk og variert framsyning av 8-9 deltakarar frå Suldal og Hjelmeland; frå klassisk fiolinspel, til flott dans, hard-rock og stand-up-komikk. …

13.02 Støtt Ungdomlaget via tippelappen

Frå og med mars 2009 blir det ein ny ordning i Norsk Tipping som medfører den som tippar kan velge å i gi 5 % av tippesummen til ein lokalt lag . Denne ordninga er kalla GRASROTANDELEN. Det inneber at den som tippar får opp valet om ein ønskjer å støtte eit lokalt lag med …

12.02. Kunstutstilling på ferja

Jøsneset barnehage har kunst som tema denne vinteren, og nå er det finfin kunstutstilling i salongane på ferja. Nå kan rundturane om Ombo få ein ny dimensjon – du kan kombinere dei med ein liten kunstvandring frå salong til salong.Så ta turen ut av bilen under overfarten, og studèr alle dei fine verka. Barna i …

10.02 Lyst å bli «med-eigar» i sceneteppet??

Ungdomslaget sende sist veke ut eit infoskriv i alle postkassar på Jøsneset; som m.a. omhandlar finansiering av scenen og sceneutstyret, og kva me ser for oss at me treng for å få scenen klar til bruk. Infoskrivet finn du her. Som det går fram av infoskrivet ønskjer Jøsneset Ungdomslag  å bidra med meir midler til dette …

06.02 Scenen er i ferd med å bli reist

Hjelmeland Bygg var på plass første veka i februar, og nå er scenetilbygget i ferd med å reise seg. Ser ikkje ut som kulde og slaps i februar stansar karane frå Hjelmeland Bygg. Dei snekrar i veg og er blide for det – og nå kan ein alt sjå konturene av korleis bygget kjem til å …

04.02 Jippi – Klart for ballbinge!

Nå er finansieringa på plass og bestillinga sendt – så NÅ BLIR DET BALLBINGE-BYGGING TIL VÅREN !! Det blir travelt rundt øyrene til rektor Rasin denne våren: scenebygging på eine sida, og nå blir det jammen ballbingebygging på andre sida av rektorkontoret.  Men rektor sjølv smiler bredt (som vanleg) –  og er klar for alt …

03.02 Banana Boddes i hardtrening

Primus motor i BANANA BODDES, Thomas Tjeltveit, har sendt oss eit pressebilete for å vise at øvingane til Ungdommens Kulturmønsring (UKM) pågår for fullt. 2/3 av "Banana Boddes" øver her intenst til UKM. Thomas presiserer i pressemeldinga at dei her ikkje har på seg dei rette kostymene…..på scenen blir det FK-kjeladress, SPA-tøfler, fengande hattar og pluss pluss. …

08.01 Referat frå styremøte Bygdarådet

Referat frå styremøte i Bygdarådet 08.01.09 finn du HER.

15.02 Jøsnesguttar til UKM

Søndag 15 februar blir det Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Kulturhuset på Sand. 2-3 dagar før påmeldingsfrist er det kun to påmeldte innslag frå kommunane Suldal/Hjelmeland, og i begge innslaga stiller det spreke guttar frå Jøsneset. Dei som er påmeldt er: BANDS OF BROTHERS: hard-rockband: Jone Hjorteland (13) vokalist saman med bandmedlemmer frå Hjelmeland. Dette blir skikkeleg …