Ei av føremonene med å bu på Jøsneset, er kort og ferjefri veg til flott skiterreng.
"Den gyldne halvmeteren" med nysnø som falt sist veke, kombinert med det stille solskinnsværet, skapte påskeaktige opplevingar på Gullingen og Hedlebrekk dei to siste helgene i januar. Det flotte skiterrenget ligg berre ein god halvtimes kjøring frå Jøsneset.
Både på Hedlebrekk, ved Mosvatnet og innover frå Gullingen er det kjørt opp flotte løyper. Føret er glitrande og snøen mjuk, og det er ein gjeng som jobbar for at du skal få gode forhold. Sjekk ski- og føreforhold her.
Og skulle du lengte heim nå du er på ski, så ta turen til Høghei eller Natlandsnuten, så ser du "liga te" Jøsneset. Bildet over er teke frå Høghei, og ein ser frå høgre: Gunlanuten, Røssenibben og Lauvåsen/Fister.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.