29.01 Møt eventyraren Audun Hetland

TURKVELD MED AUDUN HETLAND OG HJELMELAND TURLAG
SPINNERIET 29.01 kl 19.30.

Denne kvelden blir det fantastisk natur og store naturopplevingar som står i fokus –
både frå fjernt og nært.

images/JUL/Bilder/tur.jpg 

Audun Hetland er frå Fister, og er blitt "kjendis" gjennom fleire TV-program både av eventyrlege seilas jorda rundt og klatreekspedisjonar. Denne kvelden "tek han oss med" på ei utruleg klatreferd i ville, vakre fjell i nord-Canada. Les meir om Audun sine spanande ferder verda rundt på deira fine nettside EVENTYRLEG SEILAS

Deretter blir det ei lita matøkt.

Så vil Hjelmeland Turlag vise bilete frå nokre av dei mange turane dei har arrangert i vårt vakre lokalmiljø gjennom 2008; td Ramsfjell, Skomakarnibbå, Trollgarden/Kyrkjegardsheia, "Finn-fram"-dag på Bjødnabu, Randåsen o.a.

Deretter blir det Årsmøte i Hjelmeland Turlag. Her kan du sjå både årsmelding og årsmøteinnkalling.

Hjemeland Turlag er altså ein underavdeling under Stavanger Turistforening, og arrangerer masse flotte turar frå fjord til fjell i vårt lokalmiljø!! Sjå meir om Hjelmland Turlag her.

Tur-plan for 2009 er klar, den ser du her…….
t.d blir det tur til Foss-stemmen på Jøsneset 26.04


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.