"Vinterens kjekkaste eventyr" byrjar snart: SKIKARUSELLEN v/ Gullingenhuset, Suldal.
Skikarusellen i lysløypa ved Gullinghuset, Suldal, er ein svært populær "happening" på vinterhalvåret. Då strøymer folk til i lange rekker frå store og små grender både i Vindafjord, Suldal og Hjelmeland kommune. Skikarusellen blir faktisk omtalt som Rogalands største skirenn! Det er spesielt barn som er flinke å møte opp, men òg vaksne har høve til boltre seg i skiløypa.
Målet til arrangøren er " ut på ski – me vil ha alle med ", og det er fokus på at ski skal vere kjekkt! Difor er det valfritt om du vil delta i konkurranse/gå på tid eller berre "svirre rundt" i eige tempo. Og det er ingen aldersgrenser, verken oppad eller nedad !!
Dette opplegget trekkjer rundt 300 deltakarar årleg – og i tillegg tel òg det store, gode "støtteapparatet" (les: morer og farar) spesielt kring dei minste deltakarane. Slik blir det eit kjemepsosialt arrangement – både ute i løypa og inne i "lappe-køen".
Skikarusellen blir avvikla over 4 vinter-kveldar, og for å få premie må ein møte på minst 3 av dei. Alle må melde seg på (sjå nedanfor), og for kvart løp må ein inn i huset for å registrere seg/hente startnummer for dagens løp.
I år blir skikarusellen avvikla på følgjande kveldar:
Mandag 02.02, kl 18.00 ansv Nesflaten IL, betaling ved registrering
Tirsdag 17.02, kl 18.00 ansv Erfjord IL
Onsdag 04.03, kl 18.00, ansv Suldal IL
Torsdag 19.03, kl 18.00 ansv Nesflaten IL, Premieutdeling
Dersom eit renn blir avlyst pga værforhold el.a. blir neste renn same vekedagen veka etter.
Påmelding innan 27 januar til Vidar Austarå, tlf 52 79 48 75 el 92 08 45 27 eller e-post austaraa@online.no
Hugs å oppgi navn og årsklasse. Pris kr 50,- for barn, kr 100 for vaksne (alle renn) Betalast ved registrering.
Mange jøsnes-barn har opp gjennom åra vore flittige deltakarar. Forhåpentlegvis stiller ein del i år òg.
Så meld deg på ! Vil du sjekke snøforholda før du kjører av stad? Sjekk her.
Lykke til !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.