Fredag 16 januar skal Ungdomslaget ha styremøte.
Då blir det mellom anna planlegging av årsmøte, som nok blir litt halde i februar ein gong.
Oppmøtet på årsmøtet til Ungdomslaget har dei seinare åra vore relativt laber. Dette skuldast kanskje delvis at vårt årsmøte blir avhalde ein helgedag – dette spesielt fordi vekependlane ungdom skal ha høvet til å stille. Me tek gjerne i mot tips på korleis me kan gjere årsmøtet meir "attraktivt" for fleire, slik at fleire får lyst/høve å stille – for me vil svært gjerne ha større engasjement/medverknad kring styret sitt arbeid.
Det er altså òg snart tid for valg av nye styremedlemmer. Nesten heile det sitjande styret "står på valg".
Valkomitee for Ungdomslaget består i år av Cesilie Wåland, Henrik Nesvik og Anita Skiftun. Folk kan alt nå ta kontakt med desse for forslag til nye styremedlemmer for 2009.
Andre innspel til Ungdomslaget kan sendast på e-post til ungdomslaget@josneset.no eller SMS til Svanhild 97 00 76 36, eller ta kontakt direkte
Det vil elles bli sendt ut meir/skikkeleg informasjon om årsmøtet når dato er fastsett.
Styret i JUL
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.