Månad: januar 2009

31.01 Glitrande skiforhold i heia

Ei av føremonene med å bu på Jøsneset, er kort og ferjefri veg til flott skiterreng.           "Den gyldne halvmeteren" med nysnø som falt sist veke, kombinert med det stille solskinnsværet, skapte påskeaktige opplevingar på Gullingen og Hedlebrekk dei to siste helgene i januar.  Det flotte skiterrenget ligg berre ein god halvtimes kjøring frå Jøsneset. Både på Hedlebrekk, …

27.01 NRK og ungdomsskulen på Gullingen

Veke 4 var heile 8.klasse på Hjelmeland Ungdomsskule, inkludert dei 7 Jøsnesgutane, på leirskule på Gullingen. Der opplevde dei masse gøy og moro, og masse vær…..og det blei det radioprogram av. NRK v/Naturens Verden var med på ein forrykandes skitur i kuling og på kaldt isfiske på Mosvatnet. Gjekk du glipp av radioprogrammet. Lytt her …

13.02 Årsmøte Ungdomslaget + thaimatkurs

Fredag 13 feb: Thaimat-kurs frå 19.00 til ca 21.00Deretter Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag, ca kl 21.00Trivselstova Årsmøteinnkallinga finn du herInfo om scenesaken, sak 4 til årsmøtet, finn du her Me før årsmøtet får me altså besøk av Siranee Upawong Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland.   Denne kvelden vil ho dele tips og oppskrifter med …

14-15. feb MammaMia-dans !

Er du ein av tusenvis som såg MammaMia-filmen, og som blei glad til sinns av festleg dans og fengande Abbamusikk??Nå skal det skapast MammaMia-stemning òg her lokalt  – og du kan delta !! Hiv på deg danseskoa, få med deg ein venn og bli med! Dette er først og fremst berekna på litt voksen ungdom …

BÅTFØRARKURS AVLYST

……pga manglande påmelding. Det blei litt for få påmeldte til båtførarkurset helga 21-22 mars – og difor er det DESVERRE avlyst. Kursoperatør kan tilby kurset til hausten att. Dersom det viser seg å vere tilstrekkeleg interesse for det då, kan me ev prøve på nytt att. Ungdomslaget/Båtforeningen

19.01 Ny Ryfylke-nettstad

Heile Ryfylke er nå samla til "eitt rike" – iallfall på nett!  Nettstaden  www.ryfylke.no  blei nyleg lansert. Dette er eit ledd i merkevare-Ryfylke-prosjektet, som mellom anna Ryfylke IKS og Ryfylke Livsgnist står bak.  Hesbynett står bak utvikling og design, og Norsk Plan for innhald. Her får me vite smått og stort om Ryfylke; om historie, om næringsliv, …

29.01 Møt eventyraren Audun Hetland

TURKVELD MED AUDUN HETLAND OG HJELMELAND TURLAGSPINNERIET 29.01 kl 19.30. Denne kvelden blir det fantastisk natur og store naturopplevingar som står i fokus – både frå fjernt og nært.  Audun Hetland er frå Fister, og er blitt "kjendis" gjennom fleire TV-program både av eventyrlege seilas jorda rundt og klatreekspedisjonar. Denne kvelden "tek han oss med" på …

SKIKARUSELL 2009

"Vinterens kjekkaste eventyr" byrjar snart: SKIKARUSELLEN v/ Gullingenhuset, Suldal. Skikarusellen i lysløypa ved Gullinghuset, Suldal, er ein svært populær "happening" på vinterhalvåret. Då strøymer folk til i lange rekker frå store og små grender både i Vindafjord, Suldal og Hjelmeland kommune. Skikarusellen blir faktisk omtalt som Rogalands største skirenn! Det er spesielt barn som er flinke …

08.01 Uttalar til nye ferjeruter

Før jul sendte Statens Vegvesen og Tide ut eit forslag til nye ferjeruter for Hjelmeland-Nesvik-Ombo sambandet. Forslaget kan du sjå her. Forslaget har nå vore på høyring her lokalt, og ettersom ferja er ein viktig del av kvardagen til bygdene her, har det kome ein del merknader. Nedanfor kan du lese uttalane ved å klikke deg inn på …

16.01. Styremøte i Jøsneset Ungdomslag

Fredag 16 januar skal Ungdomslaget ha styremøte. Då blir det mellom anna planlegging av årsmøte, som nok blir litt halde i februar ein gong.Oppmøtet på årsmøtet til Ungdomslaget har dei seinare åra vore relativt laber. Dette skuldast kanskje delvis at vårt årsmøte blir avhalde ein helgedag – dette spesielt fordi vekependlane ungdom skal ha høvet til å …

04.01. Grunnarbeid til scene i full sving

Allereie veka før jul starta Natland Graveservice opp med grunnarbeid til den nye scenen ved Jøsneset skule – og arbeidet fortset for fullt nå etter nyttår.   Ein god del fjellmasse skal sprengjast vekk og kjørast ut av området. Siste frist for ferdigstilling av grunnarbeidet er 01. februar. Då skal Hjelmeland Bygg stå klare med …