Fredag 12.12 var det fullmånekveld – ein feiande flott fullmånekveld til og med !
Og "Nissane frå Gunlanuten" hadde meldt sin ankomst fleire dagar på førehand. Barnflokken på Jøsneset stilte opp; og ferda gjekk oppetter ein månelys bygdeveg; på leit etter ein bålplass der Nissane skulle dukke opp.
Etter å ha løyst diverse gåter undervegs, fant barna bålplassen blandt flotte bjørkeved-haugar på opplagsplassen til Inge Torkel i Asheimbakkane. Det måtte litt lirking og lokking til for å få Nissane til å kome fram: men plutseleg skimta me dei oppe i den bratte lia. Nissane hadde sekkane fulle med lussekattar, kakemenner og mandariner – og dei delte raust rundt seg på ekte nissevis.
Det blei varm, god gløgg i koppane; og munter dans rundt leirbålet til glade julesangar.
Ein fin og frisk førjulskveld under open himmel med snille barn, kvikke vaksne og gåvmilde Nissar !
GOD JUL til store og små i Jøsnes-bygda.
Arr: Jøsneset Ungdomslag.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.