Månad: november 2008

30.11.08 Boka på Røssenibbå henta ned

Boka på Røssenibbå er henta ned i dag. Det er lagt ut ny bok, viss det er noen som er så spreke at de vil opp i vinter. For å sjå på turkartet som viser kor Røssenibbå er, så klikk på "Turstiar" til venstre i menyen. Det hadde vore 37 stk på Røssenibbå i år, …

27.11. Forslag til nye ferjeruter

Det ligg no føre forslag til nye ferjeruter. Dette kan folk meina noko om.Vegvesenet har sendt forslaget til kommunen for uttale. Bygdarådet har planar om å senda ein uttale. Viss nokon har synspunkt til forslaget kan de ta kontakt med Oddbjørn. Ruteforslaget kan du sjå her.

27.10.Tur til Gunlanuten

Søndag blir det tur til Nuten.

27.11. Opprør på Jøsneset

Her finn du nye bilete frå Jøsneset

27.11. Bygdarådet har hatt møte

bygdarådet har hatt møte. her kan du lesa referatet:

26.11. KALVADANS DVDar til salgs

Du hadde vel kje gløymt "dei glade amatørar" ? Nå har du sjansen til å sjå dei på DVD.Påskerevyen "KALVADANSEN" er nå klar for salg på DVD.  I år er det langt betre kvalitet på DVD-ane enn sist !  Nesten profft 🙂Og ka syns du om skuespillertalentene ?? Og det djupe, kulturelle innhaldet ?? Jo, …

BLI MED OG DANS !!

Dans – kilden til evig ungdom ??? Dansefeberen er over landet, og nå har òg du sjansen til å lære deg kjekke og moderne danseformer !! Alder ingen hindring, hiv deg utpå – saman med ein landskjendt og kjempeflink danseinstruktør Simon Woodhouse 04.des kl 18.00 – 21-00, Hjelmeland Ungdomsskule. Han har jobba mest for/med ungdom, …

Søn 23.11 Filmkveld for barn/unge

Søndag 23.11 blir det filmkveld for barn og unge i Trivselstova: 18 – ca 19.30 Film for barn opp til og med storskulealder. Satser på ein komedie med max aldersgrense 11 år. Ca 19.30 Film for ungdomsskulealder ++, film m/ max aldersgrense 15 år. PRIS: kr 20,- inkl 1 brus + popcorn Arr: Jøsneset Ungdomslag. …

17.11. Mmmm – bakekveld i Ståvå

Mand 17 nov hadde me ein kjekk og sosial bakekveld i Trivselstova med tradisjonsbakst på menyen. Marta Eiane og Olga Hjorteland, som tilsaman har godt over 100 (!) års erfaring over bakstefjøla, svinga opp med gode, tradisjonelle bakeoppskrifter: potetkake, syrekake og hoppekake (òg kalla saupskolt, gongkake el natronkake).  Mmmmm, ja kanskje du kjenner eimen av …

15.11 Revytur til Sand

Det er fulltegna i bussen til "Vestlandsrevyen" på Sand laurd 15.11.08. Kjøreruta frå Jøsneset blir som følger: – Åsland ca 17.30– Skiftun ca 17.35– Fosså ca 17.40– Nesvik ca 17.45. Revyen startar kl 19.00 i Kulturhuset på Sand.Pris inkl revy, middag, dessert/kaffe, DJ-dans og transport t/r kr 750,-Betales i bussen på veg inn. Det er …

14.11.08 Siste sjanse på Røssenibbå!

  Boka tas ned i helga Viss du framleis ikkje har fått med deg Røssenibbå i topptur- konkurransen, er det berre no i helga igjen. Pga fare for snø vil den boka bli henta ned søndag.   Hugs og å få med deg resten av bøkene innan 01 desember! Så må de berre levere inn …

17.11.08 Bakekveld

Ungdomslaget har også dette året fått Marta og Olga til å stille opp for å lære sambygdingar bakekunsten. Ta med kjevle og forkle og møt opp i trivselståvå 17 november kl. 19.00. Sjå "leppen" her.

endring av barnetrim

Pga bygdekvelden den 12.11 blir barnetrimmen flytta til onsdag 19.11.08. Altså går barnetrimmen som skulle vore den 12.11 ut og det blir i staden trim veka etter, på onsdag 19.11.08 same klokkeslett.  

02.11. Seks hjortar på eit kvarter !!

Nei, det er ikkje aprilsnarr !!! Og heller ikkje ei grov jaktskrøne !! Det er faktisk tilfellet: 6 hjortar blei felt på eit kvarters tid i heia på Jøsneset i dag. Det var 4 stk frå jaktlaget frå Skiftun-gardane som møtte på ein stor hjorteflokk då dei kom opp til Krokastemmen i dag formiddag. Flokken …

28.11.08 Tur til Nord Hidle

I staden for damekveld torsdag 27.11.08, vert det tur med helselaget til nord Hidle for å lage adventspynt fredag den 28.11.08, oppmøte på Nesvik kl. 17.00 Pakken vi har fått til kostar kr. 400,- pr person. Mat og retur på kvelden med Helgøyen er då inkludert i prisen. Vi reiser  med hurtigbåten frå Nesvik. Vi tek båten til Judaberg …

Første mann til mølla! Lage adventspynt på Nord-Hidle

Helselaget har tidlegare prøvd å få til ein tur i november, det vart ikkje til julebyen i Eigersund som de sikkert såg. Derimot har vi fått til noko som kan være vel så kjekt! Nemleg ein tur til nord-Hidle på Juleverkstad i Eldhuset. Sjå på nettsida deira www.nordahidle.no  Denne turen vert då i staden for damekvelden som …

02.11.08 Gla damegjeng på Mikal’s laks

Som vanleg var det damekveld siste torsdag denne månaden, den 30.10.08. Det uvanlege denne gong var at vi fekk komme til Mikal's laks og Astrid Viga gav oss ei omvisning i fabrikken. Vi måtte jo kle oss etter forskriftene før vi skulle inn i fabrikklokalene, vi syns vi såg rett og slett lekre ut Dette var …